Kva er eit ekstremvêrvarsel?
Ein sjeldan gong kan vêret bli til stor fare for liv og verdiar, dersom samfunnet ikkje er førebudd. Eit ekstremvêrvarsel er ei vêrhending på raudt nivå som har fått namn. Sender Meteorologisk institutt ut eit slikt varsel, bør du sette i gang tiltak som sikrar verdiane og reduserer øydeleggingane.
See English version below.
Vêrfenomen som kan føre til eit namngitt ekstremvêrvarsel:
- Sterk vind
- Mykje regn
- Snø
- Vasstand, eventuelt med høge bølger
- Kombinasjon av vêrelement ovanfor som til saman utgjer ein fare, men som kvar for seg ikkje oppfyller varslingskriteria
Overordna regel for å sende ut namngitt varsel om ekstreme vêrforhold er at det er sannsynleg at vêret vil føre til svært store skadar eller ekstraordinær fare for liv og verdiar i eit stort nok landområde (landsdel/fylke/vesentleg del av fylke).
Ekstremvêrvarsel blir overvaka kontinuerleg og blir oppdatert når det skjer signifikante endringar
Les også: hvor du finner farevarslene
What is an extreme weather warning?
Occasionally, weather conditions can pose a significant threat to life and property. An extreme weather warning is a red-level weather event that has been named. If the Norwegian Meteorological Institute issues such a warning, it's imperative to take immediate measures to safeguard assets and minimise property damage.
Weather phenomenon that can lead to a named extreme weather warning:
- Strong winds
- Heavy rain
- Snow
- Water level, possibly with high waves
- A combination of the weather elements mentioned above, which together pose a hazard but individually do not meet the warning criteria.
The overarching rule for issuing a named extreme weather warning is that it is likely that the weather will cause significant damage or pose an extraordinary danger to life and property over a sufficiently large area, such as a county or a significant portion of a county.
Extreme weather warnings are continuously monitored and updated when significant changes occur.
Read also: Where to find the danger warnings