Om Meteorologisk institutt
Når vi kan formidle informasjon om ver og klima til ulike brukargrupper, er det eit resultat av arbeidet til ulike faggrupper på instituttet. Innsamling av verdata og handtering og analyse av enorme datamengder ligg til grunn. Det gjer også forståinga av korleis vi kan presentere dette for brukarane slik at dei kan gjere seg nytte av informasjonen.
Til nytte for samfunnet
Meteorologisk institutt utviklar og leverer ei lang rekke nyttige tenester. Vi sørger for at redningshelikoptra kjem trygt fram, og at beredskapsetatane er førebudde på ekstremver og anna farleg ver. Vi driv eit omfattande forskingsarbeid, og leverer klimadata som blant anna kan brukast til å dimensjonere landet for framtidas klima. Vi har ein fri og open datapolitikk, som inneber at kven som helst kan bruke materialet vårt fritt og til nytte for samfunnet. Og ikkje minst: Kvar dag er Yr.no ein del av planlegginga til folk både her i landet og utanlands.
Felles for alt arbeidet vårt er hovudmålet vårt om å bidra til å sikre liv og verdiar.
Organisering
Meteorologisk institutt er eit statleg forvaltingsorgan under Klima- og miljødepart. Instituttet blir leidd av eit styre, mens direktøren tek hand om den daglege leiinga av instituttet.
Meteorologisk institutt har kontor i Oslo (hovudkontor), Tromsø og Bergen og er organisert i fem divisjonar:
- Vervarslingsdivisjonen
- Observasjons- og klimadivisjonen
- Senter for utvikling av varslingstenesta
- IT-divisjonen
- Forskings- og utviklingsdivisjonen
To einingar støttar dessutan direktøren i arbeidet hans: Eining for økonomi og Eining for organisasjon og samfunnskontakt.
Formålet til instituttet
Vedtektene er fastsette ved kongeleg resolusjon den 10. desember 2021.
Se vedtektene på Lovdata.
Dei faglege oppgåvene til instituttet er oppsummerte her:
§ 1 Formål
Meteorologisk institutt står for den offentlige meteorologiske tjenesten for sivile og militære formål. Meteorologisk institutt skal overvåke, varsle og formidle været med høy kvalitet og regularitet og beregne klimaet i nåtid og framtid. Instituttet skal arbeide for at myndighetene, næringslivet, institusjoner og allmennheten best mulig kan vareta sine interesser for sikring av liv og verdier, for planlegging og for vern av miljøet. Meteorologisk institutt skal drive forskning og utvikling på relevante fagområder. Meteorologisk institutt skal kunne utføre oppdrag og yte tjenester etter bestilling.