Farevarsling av is og snøfokk erstattar "vanskelege køyretilhøve"
Frå 1. november 2019 vil Meteorologisk Institutt byrje å sende farevarsel for is og farevarsel for snøfokk basert på førehandsdefinerte kriterium. Dette er slutten på arbeidet med å fase ut farevarselet for “vanskelege køyretilhøve”.
Grunnen til at vi fasar ut vanskelege køyretilhøve er at dette farevarselet er ein konsekvens av farevarselet for is og snøfokk, og MET skal ha fokus på å varsle fenomen (snø, vind, regn, regnbyer og så vidare).
Farevarselet for vanskelege køyretilhøve har også hatt eit subjektivt preg, som har gjort det vanskeleg å standardisere og verifisere farevarsla. Men også andre statlege samarbeidspartnar, som Statens Vegvesen, har vore med i arbeidet med å utarbeide kriteria og forme konsekvenssetningane og tilrådingane som kjem ut i farevarsla. Brukarane av farevarsla vil få meir spissa og detaljert informasjon, og talet på bomvarsel skal bli redusert, fortel statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Farevarsel for is
Farevarselet for is/mykje is er kun for hendingar der årsaka er underkjølt regn/yr, frysande regn eller frosttåke. I dei tre nemnde døma vil vi kunne få eit islag på veg og andre objekt, og som er lett å forveksle med ei våt overflate, noko som kan vere svært farleg. Situasjonar der vi får is på vegar, utan at det er forårsaka av nedbør innanfor ei kort tidsramme, vil ikkje få farevarsel sendt frå Meteorologisk Institutt.
Kriteria for utsending av farevarselet for is vil vere lik i heile Norge og sjå slik ut:
Utsendelse av farevarsel for is vil ha krav om utbreiing på storleik med eit større distrikt eller fylke. Ofte kan farevarselet for is bli utstedt etter at fenomenet har oppstått. Dette gjeld særleg for fenomenet frosttåke.
For å lære meir om underkjølt regn og frysande regn, syner vi til yr-saka: https://www.yr.no/artikkel/tre-ulike-verfenomen-som-gir-klink-is-1.13357945
Farevarsel for snøfokk
Farevarselet for snøfokk blir sendt om det er venta snøver og vind, eller opphaldsver med vind og laus snø tilgjengeleg. Dette farevarselet blir kun varsla på gult nivå. Det blir ikkje sendt METfare Snøfokk i eit område som allereie har farevarsel for snø/vindkast/polart lågtrykk, ettersom snøfokk er nevnt som en konsekvens her.
Det er ingen spesifikke kriterier for når ein skal varsla snøfokk, men følgjande tilhøve må vere til stades:
- siktreduksjon
- minusgrader og tørr laus snø (>10 cm)
- kuling eller sterkare vind
METfare snøfokk vil primært bli varsla for fjellovergangane over skoggrensa. Men også i låglandet om kriteria er oppfylt. Finnmark er særs utsett for snøfokk i låglandet.
Utsending av farevarselet for snø vil vere konsekvensbasert, der vakthavande meteorolog tek omsyn til faktorar som tida på året og tidspunkt i veka og på dagen, stad, terreng og om det er store hendingar i området, som t.d. militærøving.
Kriteria er retningsgjevande, og vakthavande meteorolog kan tilpasse farenivået etter forventa konsekvens
Les meir om farevarsling for snø, eller les om systemet for farevarsel generelt.