Oransje farevarsel om svært mykje regn i Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Innlandet
Eit oransje farevarsel om svært mykje regn, det nest høgste farenivået, er sendt ut for sør i Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, og Innlandet. Lokalt er det venta 80-120 mm med regn på 24 timar frå onsdag ettermiddag til torsdag kveld.
Kan få rekord for døgnnedbør for januar
Vedvarande regn gjer at vi forventar at fleire stasjonar kan få rekord for døgnnedbør for januar. Det er også mildt for årstida, slik at all nedbøren som fell er venta som regn høgt til fjells. Etter at farevarselet er over torsdag kveld, er det venta betydeleg lågare temperaturar og overgang til sludd- og snøbyer i fjellet, først i nord.
Fleire farevarsel
Vi har også ute gult farevarsel om regn i Hordaland og nord i Trøndelag.
Det er også ute eit gult farevarsel om vindkast onsdag morgen for kysten av Møre og Romsdal og Trøndelag. Det er venta sørvest liten til full storm på kysten, med vindkast på 30-35 m/s her.