ECMWF - det europeiske vervarslingssenteret ECMWF
Hovudoppgåva til det europeiske vervarslingssenteret ECMWF i Reading, England, er å utvikle numeriske modellar for å laga verprognosar for inntil ti døgn og formidle desse til medlemslanda. Utvikling av metodar for sesongvarsling er eit nytt satsingsområde ved senteret.
EUMETSAT - the European Organisation for the Exploitation of Meteorological Satellites
EUMETSAT er ein vesteuropeisk organisasjon for drift og utnytting av meteorologiske satellittar. I 1998 vart det vedteke eit program for å utvikle og sende opp europeiske polarbanesatellittar. Dette er svært kostnadskrevande, men nytten vil vere stor for dei nordiske landa. Første satellitt vart skoten opp i 2006 og gir tilgang til ei mengd nye observasjonsdata, ikkje minst frå dei observasjonsfattige havområda i Norskehavet.
ECOMET - the Economic Interest Grouping of the National Meteorological Services of the European Economic Area
ECOMET er ei europeisk økonomisk interessegruppering mellom dei nasjonale meteorologiske institutta. Føremålet er mellom anna å gjere meteorologiske data og produkt lettare tilgjengeleg for brukarane.
EUMETNET - the Network of European Meteorological Services
EUMETNET er eit nettverk mellom dei nasjonale europeiske meteorologiske institutta for å utnytte felles ressursar meir effektivt. Her har enkelte institutt teke på seg spesielle oppgåver.
Europeisk samarbeid
Det finst europeiske samarbeid om meteorogiske verprognosar, satellittar, økonomisk interessegruppering og andre nettverk.