Våren kjem tidlegare no enn før
– Vi ser ei veldig tydeleg utvikling. Vinteren blir kortare, medan sommaren blir lengre, og det gjer at våren blir forskuva. Den blir ikkje nødvendigvis lengre, men kjem stadig tidlegare, seier klimaforskar Reidun Gangstø Skaland.
Definisjonen på vår er når gjennomsnittstemperaturen gjennom døgeret er over null og under ti grader, og temperaturen er stigande frå dag til dag. For å sjå på endringa over tid har vi samanlikna gjennomsnittstemperaturen i dei to 30-årsperiodane 1961-1990 og 1990-2019.
Frå nord til sør
Endringane gjeld for store delar av landet. Også på Fagernes har våren flytta seg 12 dagar framover dei siste 30 åra, og kjem no 27. mars. Gardermoen og Fagernes er dei to stadane som har størst forskuving. I Oslo er endringa på 11 dagar, og våren kjem til hovudstaden 6. mars.
Også Longyearbyen på Svalbard får tidlegare vår. Medan dei før 1990 måtte vente heilt til 4. juni på våren, kjem den no allereie 26.mai, ei framskuving på ni dagar. I Tromsø kjem våren no 7. april.
– Grunnen til at våren startar tidlegere enn før, er at det stadig blir varmare. På grunn av klimaendringane har den globale temperaturen auka med omlag éi grad sidan 1961. I Noreg har temperaturen stige med nærare to grader i same periode. Temperaturen i vårmånadane har òg blitt høgare.
Vårens startdato, tabell:
Stad | Fylke | 1961-1990 | 1990-2019 | Antall dagar |
---|---|---|---|---|
VÆRNES | Trøndelag | 10-03 | 05-03 | 5 |
OSLO - BLINDERN | Oslo | 17-03 | 06-03 | 11 |
BODØ | Nordland | 25-03 | 14-03 | 11 |
GARDERMOEN | Viken | 30-03 | 18-03 | 12 |
FAGERNES | Innlandet | 08-04 | 27-03 | 12 |
TROMSØ | Troms og Finnmark | 14-04 | 07-04 | 7 |
SVALBARD LUFTHAVN | Svalbard | 04-06 | 26-05 | 9 |