Større klimaendringar på Svalbard enn det som har vore kjent til no
– Dei nye dataa viser at temperaturen har endra seg dramatisk dei siste tiåra. Spesielt er endringa stor for dei kaldaste dagane, når døgntemperaturen er lågare enn -10 grader, seier klimaforskar Øyvind Nordli ved Meteorologisk institutt.
Arbeidet er publisert i det vitenskapelige tidsskriftet Polar Research.
Dei siste ti åra har det i gjennomsnitt berre vore 67 kalde dagar per år, medan det i den offisielle normalperioden fra 1961 til 1990 var heile 131 kalde dagar i gjennomsnitt.

Vi kan sjå klimaendringane i eit langtidsperspektiv
Dei nye daglege data opnar for meir omfattande analysar, som kan gje oss meir kunnskap og nye svar på kor store klimaendringane dei seinare tiåra har vore. Dataa blir også nyttige innanfor andre fagmiljø enn klimaforsking, for eksempel for biologar og ingeniørar.
Det er på Svalbard og i Arktis vi ser dei største konsekvensane av klimaendringane. Endringane i talet på kalde dagar på Svalbard er berre eitt av mange eksempel på observerte endringar som kan knytast til den globale oppvarminga.
– Vi veit at klimaet har endra seg mykje på Svalbard i den seinare tida, men no veit me korleis endringane ser ut i eit langtidsperspektiv. Datarekkja frå Svalbard viser også fleire like trekk med utviklinga i temperaturen i Arktis sett under eitt, seier Nordli.
Nå har vi daglege vêrdata tilbake til 1898
Meteorologisk institutt har hatt faste målingar på øygruppa sidan 1911. Men instituttet var ikkje heilt utan data føre det heller. Tretten år tidligare fann institutte på å utstyre fangstfolk på øygruppa med dei same meteorologiske instrumenta som vêrobservatørane brukte elles i Noreg.
– Det var ein djerv tanke at røffe fangstfolk kunne brukast til slikt “finarbeid”, men dei gjorde ein solid jobb. Dataa har likevel ikkje vorte brukte i klimaforskinga, truleg fordi desse måleseriane var korte og spreidde utover øygruppa, seier Nordli.
Denne utfordringa vart løyst ved at Meteorologisk institutt starta eit omfattande måleprogram ved å rigge til nye instrument på dei gamle fangstplassane.
Nordli har jamført dei gamle og nye dataa og sett dei saman til ei heil datarekkje. Då var det viktig å justere for ulikt lokalklima på dei stadene målingane vart gjorde. Då det var gjort kunne dataa koplast saman for å femne heile tidsrommet frå 1898 til 2018.
– Det er spesielt fascinerande no endeleg å kunna dra full nytte av den innsatsen som tidlegare gererasjonar har gjort i Arktis. Generasjonane før oss har investert mykje på Svalbard også økonomisk. Det kjennest godt å kunna vera med på å forvalte den innsatsen i kunnskap, seier Nordli.