Niande tørraste april
April var tørr og nokre stedar ekstremt tørr i Sør-Noreg.
Månaden blir klassifisert som svært tørr, medan den i delar av Rogaland, Agder og Telemark til og med var ekstremt tørr. På Austlandet og Sørlandet fall det frå 50 til 95 prosent mindre nedbør enn normalt.
Målingane går tilbake til 1900, og årets aprilmånad blir dermed den niande tørraste april vi har registrert på Austlandet.
Se den fullstendige månadsrapporten for detaljar.
Tredje tørraste i Agder
Agder noterte sin tredje tørraste april sidan 1900.
- Berre april 1978 og 1981 har vore tørrare sidan 1900 i Agder. Fylket fikk berre 20 prosent av nedbørsmengda som er normal for april, seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.
I Viken, Vestland, Agder, Rogaland og Vestfold og Telemark hadde 13 stasjonar sin tørraste april sidan målingane starta. Sjå rekordtabellen for detaljer.
Nedbøren lar vente på seg også utover i mai.
- På Sørlandet, Austlandet og Vestlandet held ein tørr vêrtype med mye sol fram, men utover i veka vil det etterkvart kome etterlengta regn på Vestlandet, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss ved Meteorologisk institutt.
Tørken får konsekvensar
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) åtvarar om konsekvensane av det tørre vêret i Sør-Noreg. Det er svært låg grunnvasstand og låg vasstand i innsjøar og elvar, og det påverkar kraftproduksjonen, landbruket og vassforsyninga. Oslo kommune oppmoda måndag innbyggarane om å spare på vatnet.
Det er stor skogbrannfare på Austlandet og Sørlandet samt i Rogaland og Vestland. Sjekk Yr for oppdaterte farevarsel.
Vedvarande tørke
Både mars og april har vore tørre på Austlandet og Sørlandet. Fleire stasjonar med meir enn 100 års drift, mellom anna Ås, Halden og Maridalsoset har aldri registrert mindre nedbør for desse to månadene samla enn i år.
De tørraste stasjonane i april var
- Preststulen (Vågå, Innlandet) 2,2 millimeter (90 prosent mindre nedbør enn normalt)
- Gol - Stake (Gol, Viken) 2,7 millimeter (89 prosent mindre nedbør enn normalt)
- Hjerkinn II (Dovre, Innlandet) 3,2 millimeter (88 prosent mindre nedbør enn normalt)
Meir nedbør nordover
Landet som heilskap fekk 70 prosent av normal nedbørsmengde.
I delar av Vest-Finnmark var månaden svært våt. Enkelte stasjonar i Møre og Romsdal, Trøndelag og i Troms og Finnmark fekk mellom 50 til 100 prosent meir nedbør enn normalt.
Tre stasjoner i Trøndelag sette rekord for høgaste nedbørsmengde på 24 timer. Også på Alta lufthamn i Troms og Finnmark blei det registrert meir nedbør på 24 timer enn nokon gang før i april, med målingar tilbake til 1964.
Sjå den fullstendige månadsrapporten for detaljar.
Kaldare enn mars
April var kald i store deler av Nordland, i delar av Trøndelag, Møre og Romsdal og i område lengst nord på Innlandet. I resten av landet var temperaturen nær normalen.
14 stasjonar i Viken, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark sette rekord for lågaste temperatur målt på stasjonen i april månad. Alle desse rekordane blei registrert den første veka i april.
April har dessutan fleire stadar vore kaldare enn mars. Dette var tilfellet ved stasjoner i Innlandet, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark.
- Dette er eit sjeldfengt fenomen somme stadar, men ikkje heilt ukjent. Det skjer om lag kvart tiande år, seier klimaforskar Mamen.
Den høgaste maksimumstemperaturen i april blei registrert 22. april i Lier i Viken. Den var på 21,2 grader.