Her er dei første bileta frå satellitten som skal overvake framtidas vêr og klima
Den europeiske organisasjonen EUMETSAT slapp i dag bilete frå satellitten som vart skoten opp i desember. – Ei heilt utruleg stor forbetring av biletkvaliteten, seier senioringeniør Trygve Aspenes ved Meteorologisk institutt.
– Samanliknar vi bileta frå den forrige generasjonen, så er dei mykje meir detaljrike og gir eit heilt anna bilete av atmosfæren og jorda. Etter som satellittane er skotne opp over ekvator, ser dei veldig skrått ned mot våre område. Dette gjer at vi fram til no ikkje har kunna sjå noko særleg detaljar. Dette endrar seg med FCI og vi kan no overvake farleg vêr i rask utvikling betre. Eg gler meg til vi kan få sjå meir, og til vi kan ta dette i bruk i vêrvarslinga, seier Aspenes.
Meteosat Third Generation - Imager 1 (MTG-I1) er namnet på den nye satellittgenerasjonen, som har med seg nye instrument om bord. Blant forbetringane er observasjon av lyn og skogbrannar, stormar under utvikling og dei vil også forbetre vêrvarslinga og klimaovervakinga.
– Store fordelar
Statsmeteorolog Vibeke Wauters Thyness ser store fordelar med det nye satellittsystemet.
– Satellittbileta frå MTG vil bli oppdaterte omtrent like hyppig som dagens vêrradarar, som betyr betre høve til å følgje bygesystem og andre vêrsystem i sanntid. Meteorologen får betre verktøy til å berekne kvar byger tek vegen, og om nokre av dei vil utvikle seg til kraftige system av torevêrskyer, seier Vibeke Wauters Thyness.
Meteorologane ser også fram til den nye lynsensoren, som dei håpar kan gjere varsling for torden i nåtid endå betre.
Innovativt system
MTG-I1 er eit av dei mest komplekse og innovative satellittsystema som nokon gong er bygd, og vil gi oss betre data som er kritiske for vêrvarsling dei to neste tiåra. Frå sin posisjon på 36 000 kilometer over ekvator vil satellittane, til samanlikning med tidlegare generasjonar Meteosat-satellittar, gi kontinuerlege oversiktsbilete av vêr og vêrsystem over Europa og Afrika.
Tredje generasjon satellittar representerer eit stort teknologisk sprang på førre generasjon Meteosat-satellittar. MTG er delt i to plattformar: MTG-I og MTG-S, der "I" står for Image og "S" for Sounding. Det var altså den første biletsatellitten som vart skoten opp i desember, og han vil derfor gi høgare presisjon enn forrige generasjon, fortel Lars-Anders Breivik, som er direktør for forsking og utvikling på Meteorologisk institutt. Den første MTG-S, altså sounding-satellitten, vil kome i siste halvdel av 2024, og vil bli viktig for numerisk vêrvarsling, det vil seie vêrmodellane som lagar vêrvarsel.
– På våre breidder ser vi også fram til neste generasjons polarbanesatellitter, Metop SG, som er planlagde for oppskyting i 2025, seier Lars-Anders Breivik.
Satellittane er resultat av det langvarige partnerskapet mellom ESA og den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellitter, EUMETSAT (sjå fakta nedst).
Du kan lese meir om EUMETSAT sine satellittsystem her.
Det vil gå omtrent eit halvt år før data frå dei nye satellittane vil vere i operativ bruk.
EUMETSAT
- EUMETSAT er ein organisasjon som er dedikert til å støtte vêrvarsling og klimaforskning ved å samle inn og levere satellittbaserte observasjonar av vêr, klima og miljø i sanntid og brukes av meteorologar og klimaforskarar over heile verda.
- Organisasjonen vart etablert i 1986 og består av 30 medlemsland, inkludert Noreg, og er ein samarbeidsavtale mellom meir enn hundre europeiske industripartnarar som har designa og bygd satellittane.
- Arbeidet er leia av Thales Alenia Space.
- EUMETSATs hovedkvarter ligg i Darmstadt i Tyskland.