Gode mogleikar for solenergi i Noreg
Føresetnadane for å bruke sola som energikjelde i Noreg er betre enn mange trur. Ytre Oslofjord byr på nokre av dei beste stadene i landet for å setje opp solcellepanel.
Straumprisane har fått folk til å snu seg mot alternative energikjelder. Jamvel i område der sola gir minimalt med lys om vinteren, er etterspurnaden etter solcellepanel høg.
Meteorologisk institutt jobbar saman med mellom andre Institutt for energiteknikk og NVE i prosjektet SUNPOINT om ei ny og betre oversikt over solressursane i Noreg. Det endelege resultatet er venta neste år.
Førebelse berekningar for Oslo, Tromsø, Trondheim, Bergen, Juvvasshøe og Råde stadfestar at vi har gode mogleikar til å utnytte solenergien over heile landet. Dei beste tilhøva finn vi i Sør-Noreg, mellom anna i områda langs Ytre Oslofjord og i høgfjellsområda.
Fjerdedel av energibehovet
Eit flatt solcellepanel med storleik på ein kvadratmeter, plassert mellom Moss og Fredrikstad, har ein årleg solinnstråling på rundt 980 kWh. Solcellene nyttiggjer 20 - 25 prosent av dette til energi. Det betyr at kvar kvadratmeter med solcellepanel kan gi minst 196 kWh per år.
20 slike panel vil utgjere 4000 kWh, noko som utgjer omlag ein fjerdedel av det årlege forbruket til ein gjennomsnittlig husstand (16.000 kWh ifølge SSB).
Figuren til venstre viser korleis innstrålinga varierer gjennom eit enkelt år, med ein forventa topp om sommaren. Til høgre: Oversikta over årsproduksjonen i Oslo 2016 - 2020 minner oss om at 2018 var eit år med mykje sol og tørke sør i landet.
Blindern i Oslo har oftare skydekke enn Råde og får dermed litt lågare verdiar. Men det er sannsynlegvis meir å hente alle stedar.
– Berekningane våre er gjort ut frå panel som ligg heilt flatt. Stiller ein panelet litt på skrå mot sola når den står på sitt høgaste i sør, vil det auke utnyttinga, fortel forskar Erik Berge ved Meteorologisk institutt.
Høgt på fjellet
Verdiane for solinnstråling fell etter tur i Trondheim, Bergen og Tromsø (sjå nedst i artikkelen). Oversikta viser at dei blir påverka både av skydekke og av geografisk plassering. Tromsø har som venta liten gevinst av solceller på den mørkaste tida av året.
Målingar frå Juvvasshøe viser at høgda over havet også spelar inn. Juvasshøe ligg på 1894 moh, ikkje langt unna Galdhøpiggen. Her oppe er det mindre forstyrringar i atmosfæra, noko som andre stadar kan dempe effekten av solstrålane. Med årlege 1083 kWh per kvadratmeter ligg verdiane her godt over det som blei målt i Råde.
– Også snø som ligg på bakken kan reflektere sola og gi høgare innstråling i dei månadene sola står høgast på himmelen. Dette er noko av forklaringa på kvifor Juvvasshøe har kome så godt ut, seier Berge. Denne faktoren forklarar også kvifor interessa for solceller er relativt stor også på Svalbard.
Kaldt er bra
Det kan kanskje virke ulogisk å satse på solceller så langt nord som i Noreg. Kjølege temperaturar viser seg ikkje desto mindre å være gunstige for dei solcellepanela vi har i dag. For kvar grad temperaturen går ned, blir panela rundt ein halv prosent meir effektive.
Trass i mørketida, er det også meir sollys i nord enn ein skulle tru. Totalt sett er det faktisk fleire soltimar ved polarsirkelen enn ved ekvator.
Ifølge NVE (Noregs vassdrags– og energidirektorat) produserer Noreg 157 TWh elektrisk energi i eit normalt år. NVE anslår at andelen som kjem frå solkraft i 2040 vil ligge på 7 TWh.
Dette blir rekna som eit relativt forsiktig anslag, og er eit tal som tilsvarar forbruket til nærare ein halv million hushaldningar.