Fornyar vêrteneste for offentlege brukarar
Vêrtenesta Halo skal bli fornya gjennom eit stort utviklingsprosjekt. Tenesta skal gjere Meteorologisk institutts sine tenester enda betre for offentlege brukarar.
Meteorologisk institutt (MET) har inngått avtale med CGI Norge om utvikling, drift og forvalting av Halo-plattforma. Kontrakten har ein verdi på om lag 26 millionar kroner. I tillegg skal MET bidra med eigeninnsats på om lag 11 000 arbeidstimar.
Halo blei etablert i 2012 som ei digital vêrteneste for statlege samarbeidspartnarar. Tenesta visualiserer komplekse vêrdata for å hjelpe etatane i arbeidet deira med planlegging og vernebuing. I 2014 blei Halo opna også for norske kommunar.
Prosjektet skal gå over to år. Målet er å utvikle ei ny plattform med fokus på teknisk forbetring, betre brukaroppleving, universell utforming og responsivt design for skrivebord og tilpassa mobile einingar. I tillegg skal CGI overta drift og forvalting av tenesta i fire år etter det. Samhandling og kompetansedeling internt på MET og med brukarar og leverandørar, er difor sentrale komponentar i prosjektet.
– Vi har lytta til brukarane våre og gler oss til å tilby ei moderne og brukarvenleg løysing for både eksisterande og nye brukarar, seier MET sin prosjektleiar David Melchior.
I tråd med MET sitt samfunnsoppdrag
– MET sitt samfunnsoppdrag er å bidra til å sikre liv og verdiar. Med nye Halo bidrar vi til at enda fleire kan få den informasjonen dei treng for å ta gode vêravhengige avgjerder, seier Melchior.
Til grunn for utviklinga ligg også instituttet sine prinsipp om open kjeldekode og opne data.
Samhandling og synergiar med andre initiativ på MET er også ein viktig faktor for suksess. MET jobbar parallelt med å oppgradere API-ar (maskingrensesnitt) og eit internt fagverkty for meteorologiske varslingstenester. Det er eit mål at løysingar og komponentar skal kunne brukast om att på tvers av desse initiativa.
CGI blei grunnlagt i 1976 og er eit av dei største selskapa innan IT-tenester og forretningsrådgiving i verda, med 84 000 tilsette i 40 land. CGI Noreg leverer ende-til-ende-løysingar, mellom desse utvikling, systemintegrasjon, drift og forvalting, i tillegg til eigenutvikla løysingar. Selskapet samarbeider med kundar gjennom ein lokal nærleiksmodell, forsterka av eit globalt leveransenettverk, for å hjelpe kundane i å nå måla sine.