Eit dødeleg polart lågtrykk
I april for 70 år sidan førte eit polart lågtrykk til eit av dei verste forlisa i noregshistoria. 79 menn mista livet. Med dagens teknologi og metodar har slike uvêr heldigvis blitt enklare å varsle.
Små, intense lågtrykk der vinden aukar frå svak til sterk på svært kort tid - slik kan eit polart lågtrykk kort samanfattast.
Alt tyder på at det var dette selfangarane opplevde i Vestisen mellom Jan Mayen og Aust-Grønland i 1952. Då barometeret fall og vêret byrja å endre seg, tenkte nok dei fleste at det ville bli alvor. 4. april raste orkanen som verst. Folk som var i området har fortalt om eit konstant press på trommehinnene og eit trykk som kunne kjennast på heile kroppen.
Eit slikt uvêr var det vanskeleg å førebu seg på før ein byrja å sende opp satellittar på 1960-talet.
70 år sidan
53 norske skuter oppheldt seg i Vestisen i april 1952. Det var vanleg å dra ut hit på selfangst på denne tida av året. Seks av skutene satsa på å gå ut i eit område litt lenger vest i isen enn dei andre – eit område kjent for tøffe vêr- og isforhold.
Berre ei av dei klarte å berge seg sørover til Island. På vegen mista dei en mann på havet. Dei fem andre skutene forsvann, med fulle mannskap.
Uvêret som ramma dei var forrykande. Vinden kom i ei retning som gjorde det vanskeleg å søkje ly. Det var tett snødrev og ising på skutene, og i den opprørte sjøen dreiv det store stykke av is vilt i kring.
Trass i mangel på augevitne, vrakrestar og andre sikre spor, er det liten tvil om at dei fem båtane blei slukte av havet.
Leitinga blei avslutta etter rundt fem veker og namna på dei døde blei kunngjort 7. mai. Totalt 79 menn hadde kome bort. Dei var ektemenn, brør, kameratar og søner, heimehøyrande i Troms og på Sunnmøre.
98 barn hadde mista faren sin.
Seint varsel
I ettertid har ein sett at vêrvarselet i forkant hadde undervurdert styrken på vinden. Eit seinare stormvarsel blei heller ikkje sendt ut i tide.
Polare lågtrykk har vore vanskelege å varsle, og gjennom historia har dei også blitt rekna som litt mystiske. Kvifor kjem dei så brått, og kvar kjem dei frå?
Meteorologisk institutt sette i gang sitt første prosjekt med å styrke kunnskapen og varsla i starten av 1980-tallet. Då var det framleis store område nordpå utan sikre observasjonar, og lange periodar av døgnet som ikkje blei dekka av satellittar.
Farevarsel på mobilen
Etter 2000 blei arbeidet teke opp med fornya styrke. Mellom anna blei det i polaråret 2007-2008 sett i gang eit større forskingsprosjekt i regi av Meteorologisk institutt, Universitet i Oslo og Universitetet i Bergen.
– Eg vil seie at det har blitt ei suksesshistorie, seier Gunnar Noer, statsmeteorolog og utviklar ved Meteorologisk institutt.
Takk vere betre dekning frå satelittobservasjonar kan dei aller fleste polare lågtrykk i dag varslast 12 - 24 timer i førevegen, nokre enda tidlegare, men då litt meir usikre. Modellane har også blitt vesentleg betre enn før.
– No får vi betre oversikt over moglege utfall og om usikkerheita i varsla. Vi kan dessutan berekne banene til lågtrykka, noko som er til stor hjelp når vi skal lage varsel for publikum, seier Noer.
Det er framleis mogleg å gjere varsla betre når det gjeld geografisk plassering. Vindstyrken og djupna i dei stemmer ifølgje Noer ganske godt.
Men det er ikkje berre meteorologane sitt utstyr og modellar som har blitt betre.
– Vi har også fått betre kanalar å kommunisere gjennom, som Twitter og BarentsWatch, som sørgjer for tekstmeldingar med farevarsel til alle som treng det, fortel Noer.
Kaldt møter varmt
I snitt blir det registrert 13 -14 hendingar med eitt eller fleire polare lågtrykk per år. Dei er vanlegast i Barentshavet og i Norskehavet, der dei oppstår når kald luft frå område med is og snø strøymer ned over dei varmare havområda. Sesongen er frå oktober til april, med flest hendingar frå januar til mars.
Eit polart lågtrykk varer i alt frå nokre få timar til fleire døgn.
Lågtrykka oppstår ved at lufta får tilført varme og fukt frå havflata. Akkurat som varm røyk, stig lufta opp og dannar byeskyer. Oppe under disse skyene oppstår det kraftig innstrøyming av ny luft. Om andre meteorologiske forhold i tillegg gir ei ustabil luftmasse opp til minst 6 kilometers høgde, kan det bli danna eit lokalt lågtrykk som har sitt eige vindfelt.
Vi snakkar då om eit polart lågtrykk.

Liknar syklon
Gjennomsnittleg observert maksimalvind i eit polart lågtrykk er 21 meter per sekund. Kvart fjerde har full storm eller meir. Et polart lågtrykk kan minne om syklonane dei har i tropane, men sidan atmosfæren generelt er kaldare hos oss, er våre lågtrykk mindre i utstrekning og intensitet.
Orkanen og det polare lågtrykket i Vestisen i 1952 oppsto då eit kraftig høgtrykk med kald luft i nord møtte et lågtrykk med varm luft i sør.
Ny forsking
I dag studerer både norske og internasjonale forskarar stadig nye forhold rundt polare lågtrykk. Lågtrykka eignar seg godt til å teste modellar som skal brukast i klimaforsking. Om modellane klarar å fange opp dei polare lågtrykka, viser det at dei også fungerer på kalde og arktiske vêrtypar.
Forskarane er dessutan opptekne av å analysere historisk vêr for å finne ut korleis polare lågtrykk oppstår. I samband med det freistar ein å lage automatiske attkjenningssystem for å identifisere lågtrykka ut frå reine modelldata eller satelittbilete. Klarar ein det, kan ein finne trendar frå tidlegare tider. Det blir også mogleg å studere trendar framover i tid.
Forsking på polare lågtrykk er med andre ord viktig for å kunne gi gode prognoser for klimaet i Arktis i framtida.
Varsler skredfare
Men det er også viktig å få testa modellane som blir brukt i dagleg vêrvarsling. Til sjuande og sist dreier det seg om å sikre liv og verdiar med pålitelege varsel som gir folk tid til å førebu seg på vêret.
I våre dagar er kystbefolkninga, fiskeflåten og dei som operer i trafikken godt ivaretekne med varslar. Det har ikkje vore direkte dødsulykker som følgje av denne vêrtypen sidan 2001.
No er det heller skredfaren ved snøfall frå polare lågtrykk som er utfordrande. Med stadig aukande vinterturisme i Nord-Noreg, vil varsling av polare lågtrykk få auka relevans framover.
Artikkelen stod først på trykk i Forskning.no
Kjelder: Gunnar Noer, Meteorologisk institutt, Store Norske Leksikon og Ishavsmuseet Aarvak