Ei klar auke i ekstremvêr og vassborne sjukdomar – er helsevesenet førebudd på klimaendringar?
Kor mange gangar har du fått beskjed om å koke vatnet frå kommunen i år? Eller fått ei oppmoding mot å ikkje bade i fjorden fordi vatnet inneheld farlege bakteriar? Klimaet endrar seg og fører med seg meir ekstremvêr, noko som helsevesenet også treng å førebu seg på. For meir dritvêr gir og meir vassborne sjukdomar.
Kraftig nedbør, overvatn, flaum og tørke vert meir vanleg. Og med det kjem det også ei auke i sjukdomar som diare, spesielt i sårbare områder med eit dårleg sanitærsystem og ein utdatert og gamal vassforsyning.
I det nye EU-prosjektet SPRINGS er vi med på å forske på korleis vi kan bruke tal frå klima inn mot helse. Målet er å skape gode rutinar for å handtere fleire og oftare utfordringar knytt til den nye vêrnormalen.
Bruke klimadata for å sjå etter kvar sjukdomsutbrotet kjem
Ein viktig strategi framover vert å kombinere klimadata med helseovervaking. Ved å spore vêrmønster og klimarelaterte farar som flaum, kan sjukehus og helsemyndigheiter betre peike på kvar sjukdomsutbrot kan skje.
Dette hjelper dei med å førebu seg ved å lage beredskapsplanar, fylle opp lagre, sende ut medisinske team og gi tidlege varslar til lokalsamfunnet.
–Til dømes kan helsevesenet bruke informasjonen frå klimamodellar til å forstå kva type flaumar som kan forureine vassforsyningar med skadelege bakteriar. Ved å handle raskt når slike situasjonar er varsla, kan ein forhindre spreiing av sjukdom som til dømes kolera, som har ein tendens til å blomstre etter ekstremvêr, seier klimaforskar Rasmus Benestad.
Alle må førebu seg på dårleg vêr - også helsevesenet
I et område utsett for flaum, må helseinstitusjonar verte tilpassa for å tåle ekstremvær framover. Til dømes sjukeshus må ha alt viktig utstyr plassert høgare enn forventa flaumnivå, og ha betre høve for naudstraum som sikrar at dei kan fortsette å fungere under ei krise.
– Helsevesenet må få hjelp til å tilpasse seg ein ny kvardag. Dei har eit behov for å handle raskt og effektivt under ei krise, men også hjelp til å handtere krava i ei ny verd som endrar seg raskt, legg han til.
Eit stort behov for reint vatn og betre vasshandtering
Ein annen viktig innsats framover er å bygge opp eit samfunn som er rusta for å handtere endringar som følgje av vêret. Til dømes er eit reint drikkevatn avgjerande for å førebygge sjukdomar.
– Helsevesenet må då i framtida samarbeide med lokale offentlege instansar og private vassverk for å sikre reint vatn, spesielt i område som vi veit er mest utsett for flaum og tørke, seier prosjektdeltakar i SPRINGS, Charlotte Stark.
Ho har fagekspertise innan kommunikasjon og krisehandtering som vert nytta i prosjektet for å sjå på korleis vi kan samarbeide på tvers av fagfelt og korleis vi kan kople oss opp til kvarandre sine virkeområde, til tross for forskjelleg fagspråk og kultur.
– Klima er ein dimensjon som påverkar alt og alle, uansett rikdom og status. For å ta gode val i ein utfordrande situasjon, så treng helse og andre offentlege instansar klimakunnskap, og det kan vi gi dei. Då vil dei vere enda betre rusta til å ta trygge og raske val som tek høgde for korleis klimaet påverkar oss frå alle kantar.
Treng gode digitale varslingssystem
I tillegg til å gjere infrastruktur betre for å handtere vatn, så må helsevesenet og offentlege instansar også nytte nye måtar å informere både seg sjølv og befolkningen på. Slik kan dei få med seg potensielle utbrot og forhindre spreiing av sjukdom.
Digitale plattformer kan overvåke og håndtere helseutfordringer, spesielt i område som er utsett. Plattformar, som til dømes ein app, kan gjere det mogleg for både innbyggarar og helsepersonell å rapportere symptomer og få råd i sanntid, noko som igjen vil hjelpe myndigheitene med å stoppe spreiing av infeksjonar før dei kjem ut av kontroll.
Prosjektet tek sikte på å få satt opp eit system som fangar opp tidlege varslar om diarérisiko, basert på klima, geografi, vassforhold og helsedata.
– Ved å involvere både innbyggjarar og ekspertar, tek vi sikte på å gjere kommunikasjonen om risiko betre og få meir innsikt i korleis folk oppfattar klimaendringar og vasskvaliteten der dei held til og faren for diarésjukdom. Då kan dei også bestemme kva tiltak som kan fungerer best for situasjonen, seier Stark.
Rasmus Benestad understrekar behovet for at helsesektoren får opplæring innan klima for å forstå klimarelatert helserisiko. I forlenginga av dette, held han no på med å forfatte ein ny vitskapleg artikkel for å styrke helsesvesenet sin evne til å forstå og anvende klimakunnskap.
– Klimakunnskap og opplæring vil gjere helsepersonell betre rusta til å behandle sjukdom som diaré, som ofte kjem frå ekstremvêr i områder med avgrensa tilgang til reint vatn og sanitæranlegg, seier Benestad.
Samarbeid mellom forskarar innan klima, helse og vatn
Kampen mot vassboren sjukdom som følgje av klimaendringar er ikkje noko helsevesenet kan takle aleine. Difor har klimaforskarar ved MET, gått saman med andre forskarar innan helse, samfunn og vatn, ilag med det offentlege og private vassverk. Dei vil saman sjå på samspelet mellom skiftande vêrmønster, miljøendringar og spreiing av sjukdom i prosjektet SPRINGS.
Ved å kombinere sjukdomsdata med klimaframskriving, vil prosjektet å auke kunnskapen om det som påverkar spreiing av diare og kunne forutsjå framtidige scenarier. Målet er å kunne legge til rette for informerte avgjerd og bruken av målretta tiltak for å redusere utfordringa som diarésjukdom i møte med klimaendringar.
Etter kvart som ekstremvêr vert meir vanleg, vil helsesektoren vere utstyrt med ny klimakunnskap i frontlina – klar til å kjempe mot den aukande trugselen frå vassboren sjukdom som e-coli, salmonella og dehydrering, og sørgje for at lokalsamfunn held seg trygge.