Borar etter ny kunnskap til barn og unge
Midt blant dei kjende fjelltoppane i Noreg skjer det mest interessante 40 meter under bakken.
Det kjennest ut som om me stig ut av eit fly som nett har landa i Spania. Men me har berre gått av lokalbussen i Lom i Gudbrandsdalen. Gradestokken syner 26 grader midt på dagen i juni.
Oppover dalsidene ser me fortsatt spor etter ekstremvêret “Hans” som hardt råka indre delar av Austlandet på seinsommaren i fjor, både med flaum og skred.
No ber det vidare bortover dalen med bil, gjennom Flåklypa og den frodige Bøverdalen. Forbi store steinblokker som har løysna frå moderfjellet, og oppover i retning Noregs høgaste fjelltopp.
Bilen stoppar på Dugurdskampen, 1547 meter over havet. Her er Ketil Isaksen, klimaforskar på Meteorologisk institutt (MET) og ekspert på permafrost. No står han planta med beina i mektige Jotunheimen, som deltakar i eit prosjekt som skal formidle kunnskap til deg og meg om korleis klima og natur endrar seg i høgfjellet.
Lufttemperaturen er lågare her oppe. Heldigvis. Ullgenseren må fram frå sekken.
Gammal permafrost har tina
Allereie i 1982 gjorde Norges Geotekniske Institutt dei første målingane av permafrosttemperatur i eit borehol nær Juvasshytta.
– Dei vurderte moglegheita for å etablere eit frølager her, fortel Isaksen.
Juvasshytta er startpunktet for dei mange som vil opp på toppen av Noreg. Kvar dag måler MET temperatur, vind og sol frå stasjonen på Juvvasshøe, like ved. Data som kvar og ein kan sjå gjennom Yr.
Men tilbake til Dugurdskampen 3 kilometer unna, og 300 høgdemeter lengre ned.
– Forskarar frå Universitetet i Oslo (UiO) har allereie etablert ein permafroststasjon med automatiske målingar, seier Isaksen, og syner oss staden der dei for nokre år sidan laga eit 10 meter djupt hol.
No er det ikkje meir permafrost i holet. Høgare temperaturar sidan dei bora her i 2008 har skulda. Derfor må dei djupare ned. 45 meter er målet. Dei har god tru på å finne permafrost, men veit ikkje heilt kor langt ned dei finn han.
– I fjellområda i Sør-Noreg kan me rekne med å finne permafrost på høgder som ligg frå 1500 meter over havet. Det me no skal overvake, er korleis det øvste aktive laget, som tinar kvar sommar, på ein måte et av permafrosten slik at du må stadig djupare ned i fjellet for å finne permafrost, seier han.
Høgfjellets usynlege tilstand
Tidleg neste morgon gjer eit mannskap på to personar og ein kraftig boremaskin på mange tonn seg klare for eit dagsverk. Det er mykje kraft som skal til for å bore i fjell. Kompressoren, som blåser boreslammet opp av holet, har eit arbeidstrykk på heile 25 bar.
Ketil Isaksen har i mange år hatt ei særskild interesse for permafrosten. Som doktogradsstudent var han sentral då UiO i samarbeid med MET etablerte permafrostmålingar og sette opp den første vêrstasjonen på Juvvasshøe. Og han har vore mykje på Svalbard og sjølv sett dei landskapsendringane som skjer når permafrosten blir varma opp og tinar.
Jotunheimen er eit kaldt og relativt tørt høgfjellsområde. Dei aukande temperaturane særleg dei siste 20 til 30 åra, har ført til at gamal permafrost blir varma opp, tinar og trekkjer seg oppover fjellsidene. På Dugurdskampen kan permafrosten vere fleire tusen år gammal. Den forsvinn nå i løpet av nokre få tiår. Ved Juvvasshytta, og djupt inne i dei høgste toppane i Jotunheimen, kan permafrosten vere minst 100 000 år gamal.
– I fjellet er klimaendringane meir synlege samanlikna med låglandet, seier han.
Når permafrosten tinar, vert fjellsidene meir ustabile. Faren for skred frå lausmassar og fjell aukar. Permafrosten er og ein viktig klimaindikator som seier noko om korleis det står til med høgfjellet, men på ein mindre synleg måte samanlikna med isbrear som krympar.
– Difor vert dei ulike målepunkta for temperatur under bakken viktige for oss, seier Isaksen.
Frå fjell til sand
Han er ikkje åleine om å vere uroleg for permafrosten i Jotunheimen. Her oppe på Dugurdskampen er det mykje viten samla på ei flate. Saman med professor Bernd Etzelmüller frå Institutt for geofag ved UiO og førsteamanuensis Rune Strand Ødegård frå NTNU i Gjøvik, vandrar dei spente rundt medan dei to arbeidskarane styrer med sitt.
“Klar!”
Lyden av metall som treffer fjell finn vegen inn i øyrekanalane. Spenninga stig. Vil bora støte på is i bakken? Kor langt ned må dei før dei finn permafrost?
– Eg håpar og trur me finn permafrost på 11, 12 meter, seier Ketil.
Etter kvart får me hente oss ein prøve frå massen i store, kvite kassar. Hardt fjell har blitt hakka sund til grå sand, det føles litt kaldt i handa. Er det frose?
– Varmen frå boremaskinen gjer at massen som kjem opp er varmare enn fjellet han stammer frå, forklarar Ketil.
Glad for forsking til nye generasjonar
Gjennom ein arbeidsdag venter me som er samla på at dei skal verte ferdige. Folka frå Norsk fjellsenter serverer kaffi og frukt. Og der kjem dagleg leiar, Mai Bakken, med hund og på krykker etter eit ublidt møte med is på randoneeski i vinter.
Ho fortel at ho vart umåteleg glad for at dei gjennom prosjektet “Fjellviten” fekk moglegheita til å gjere klimaovervaking meir tilgjengeleg for folk, særleg yngre målgrupper, og gler seg til at dei nye permafroststasjonane er klare til å køyre ut temperaturdata.
Boringa stoppar. Dei har nådd 45 meter. No fører dei eit kamera ned den lange vegen mot botnen for kontroll. Me er mange som stirar inn i ein liten skjerm.
Kva er det?
Seks meter frå botnen styrer kameraet inn i store mengder vatn!
Det vert eit lite skifte i stemninga. Kan dei ha bora seg gjennom permafrosten og til grunnvatn? Renn det vatn inn frå høgare opp i holet? Er oppdraget mislykka?
Ketil Isaksen er ikkje like uroleg. Utover ettermiddagen og kvelden drøfter han og kollegaene dagens observasjonar. Dei trur mest på at vatnet er tilført holet etter at dei skylde røyra fri for sand og grus med fleire hundre liter vatn. Mest truleg vil det fryse til.
Ny dag, nye moglegheiter
Dei fekk rett.
Dei første temperaturmålingane frå holet syner at det er permafrost der. Men me må vente nokre veker og kanskje månadar for å få svar på kor djupt me nå finn permafrosten, etter at varmen frå boringa har forsvunne i bakken.
Dagens oppdrag er ferdig. I morgon skal boremaskinen 300 høgdemeter lengre opp, nærare Juvasshytta og istunnellen. Der skal dei bore eit nytt hol, ved sida av holet frå 1982, slik at guidane lett kan stoppe opp med turistar og skuleklassar og fortelje om endringane i temperaturen i sanntid, djupt under bakken – men likevel høgt over hovuda våre.
Etter kvart kan dei lese av temperaturen som tikkar inn på PC-en minutt for minutt, og bidra til at me betre skal skjøne korleis klimaet endrar seg og påvirker permafrosten i høgfjellet i Sør-Noreg.
Fjellviten
«Fjellviten» er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire leiande forskingsinstitusjonar i Noreg. Gjennom ein periode på fire år skal prosjektet byggje opp nye formidlingsarenaer, både digitale og fysiske.
Hovudmål: Formidle og overføre kunnskap om klima og natur i endring i høgfjellet for å forstå kvifor endringane skjer og kva konsekvensar det har for økosystema. Hovudmålgruppe er unge og unge vaksne.
Delmål:
- Nå breiare ut i formidling retta mot unge og unge vaksne og engasjere dei til å sjølve observere og vere deltakande i forskinga som pågår, gjennom kunnskapsinvolvering.
- Legge til rette arenaer for samhandling og dialog mellom ulike aktørar og beslutningstakarar.
- Tilgjengeleggjere kunnskap og verdiar av nasjonal og internasjonal betydning som samarbeidspartane i prosjektet forvaltar.
- Gje endringskompetanse slik at vi sjølve blir bevisste på å tenkje løysingar på dei store utfordringane vi står i nå.
Det er Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 som skal leie arbeidet, godt støtta av forskernettverket. Prosjektet er finansiert av Sparebankstiftinga DNB.