Blir bunaden for varm på 17. mai ved hundreårsskiftet?
Lag på lag med ull, skjerf i halsen, skinnsko og tjukke strømper: Det er vanlegvis ikkje antrekket vi vel når gradestokken bikkar 20 grader. Dei fleste vil nok være samde i at bunaden passar best når temperaturen ligg godt under det.
Dobbelt så stor sjanse for 20 grader i Oslo
Så korleis blir det i framtida? Temperaturen på jorda aukar stadig, og nasjonaldagen slepp ikkje unna temperaturaukinga. Klimaforskar Anita Verpe Dyrrdal ved Meteorologisk institutt har berekna sannsynet for 20 grader eller meir i maidagane mot slutten av dette hundreåret.
– Om 50 til 80 år er sannsynet for 20 grader i midten av mai heile 40 prosent i Oslo, frå omtrent 20 prosent sjanse i dag, forklarer Dyrrdal.
Det betyr at vi i Oslo kan vente 20 grader på nasjonaldagen nærare halvparten av åra mellom 2071 og 2100. Og det er slettes ikkje berre i Oslo: I Bergen og Stavanger blir òg sjansen for 20 grader dobla. I Trondheim blir den tredobla i løpet av dette hundreåret.
Tromsø blir det nye Bergen
Lenger nord, der det er nærast utenkjeleg med slike sommartemperaturar i mai, er det òg mogleg at nasjonaldagen blir for varm for bunaden:
– I Tromsø og Bodø vil sannsynet auke til 10 prosent i løpet av dei neste femti åra. Det svarar til dagens 17. mai-klima i Bergen. Historisk har det vore nær null sjanse for å få 20 grader på nasjonaldagen i byane i nord.
I fjellet kan det derimot sjå ut til at vi kan bruke bunaden langt fram i tid. På Finse vil sjansen vere ikkje-eksisterande resten av dette hundreåret. Sjølv om det blir varmare også der.
Designa for ei anna tid
Så bunaden er kanskje ikkje ideell for nasjonaldagen i det norske klimaet i framtida?
– Nei, bunadane blei nok ikkje designa med den globale oppvarminga i mente, seier Dyrrdal.
Stadar | 1971-2000 | 2071-2100 |
---|---|---|
Oslo | 20 % | 40 % |
Bergen | 10 % | 20 % |
Stavanger | 10 % | 20 % |
Trondheim | 10 % | 30 % |
Tromsø | 0 % | 10 % |
Bodø | 0 % | 10 % |
Finse | 0 % | 0 % |
Klimaforskar Anita Verpe Dyrrdal ved Meteorologisk institutt har sett på antal dagar med over 20 grader mellom 10. og 20. mai for periodane 1971-2000 og 2071-2100, og delt på det totale antal dagar. (Dette blir altså andelen av dagane i midten av mai som når over 20 grader.) Til slutt har ho runda til næraste 10 prosent. Framskrivingar for 2071-2100 er basert på høgt utsleppsscenario (RCP 8.5).