Data frå andre leverandørar
ECOMET
Meteorologisk institutt samarbeider med andre meteorologiske institutt i Europa, og har rett til å lisensiere all data som står i ECOMET-katalogen til tredjepart her i Noreg. Våre kommersielle aktivitetar er i denne samanhengen likestilt med tredjepart.
Ved levering av denne type data blir det sett opp ein spesialtilpassa leveranse av eigne og andre sine data og produkt som blir levert over ftp, eller på annan måte. Denne tenesten må ein betale for. Data og produkt som ikkje er produsert hos oss kan i tillegg ha ein eigen datakostnad. Kostnaden er oppgitt i ECOMET-katalogen under kvart einskild land sin produktoversikt.
Sjå www.ecomet.eu.
The European Centre for Medium-Range Weather Forecasts (ECMWF)
Data frå The European Centre for Medium-Range Weather Forecasts (ECMWF), som mellom anna produserer månads- og sesongvarsel, blir formidla gjennom Meteorologisk institutt. Meteorologisk institutt er “handling agent” for data frå ECMWF.
Sjå kva som blir tilbydd i katalogen til ECMWF
Prisoverslag blir gjort av MET basert på produkta ein ønskjer. Sjølve distribusjonen kan bli handsama av oss eller bli sett opp direkte frå ECMWF. I begge tilfelle kjem handteringskostnad i tillegg.
European Organisation for the Exploitation of Meteorological Satellites (EUMETSAT)
Satellittdata (AVHRR) frå the European Organisation for the Exploitation of Meteorological Satellites (EUMETSAT) blir formidla gjennom EUMETSAT sitt sekretariat.
Sjå EUMETSAT sine sider for nærare skildring av kva som er tilgjengeleg.
Kontaktperson
Har du spørsmål, kan du kontakte Arne Kristensen på arnek(alfakrøll)met.no