Publisert: 27.02.2012

Språk i vinden

Kven er Dagmar? Kvar er Langfjella, Fladengrunn og Jyske Rev? Er "pent vêr" godvêr, og kva er no dét eigentleg? Enn "ekstremvêr" - er "uvêr" verken godt eller dårleg nok lenger?

Eg rakk å tenkje mangt om vêr og språk medan juleorkanen kvesta den hundre år gamle tunselja, taksteinen takka for laget og berre fyra lyste langs leia i vest.

Haakon Melhuus. Foto: NRK

Med ærefrykt stig eg inn i den vidgjetne høgborga Meteorologisk institutt på Blindern i Oslo eit par veker seinare. Statsmeteorolog Haakon Melhuus tek imot meg like smilande som på skjermen.

- Det kan vere farleg om folk ikkje får med seg ei melding som vedkjem dei, så språket vårt må vere heilt klart. Språket er nok òg blitt meir direkte og naturleg dei seinare åra. Før var det til dømes vanleg å seie «forbigåande dreiande nordvestleg», medan vi no spesifiserer og seier «i dag sørvestleg, i morgon nordvestleg» eller tilsvarande, seier Melhuus.

Vasskiljet som forsvann, fiskebankar og utsette stader

Det finst ein del uttrykk i vêrmeldinga som "alle" kjenner til, men få veit noko konkret om. Eit døme er "Langfjella", som vi ikkje finn på noko kart.

- "Langfjella" er ei samlenemning for fjellområda som skil Vestlandet frå Austlandet, og som svært ofte utgjer eit vêrskilje. "Austafjells" blir då alt aust for fjella frå Agder til Trøndelag. I Langfjella ligg "vasskiljet". Det er ei linje frå sør til nord mellom dei vassdraga som renn mot vest, og dei som renn mot aust. Før brukte vi ofte "vasskiljet" om vêrskiljet mellom Vestlandet og Austlandet og mellom Austlandet og Trøndelag. Men det har vist seg at få veit kvar vasskiljet går, så vi bruker ordet lite no.

Full av forventning spør eg om radiovêrvarsla for fiskebankane, med namn som sette fantasien i sving då vi var små: Doggerbank. Fladengrunn. Jyske Rev.

- Slike spesialvarsel lagar vi for å unngå farlege situasjonar, seier Melhuus tørt. Min barndoms mytiske "Råkkål" sig i kav når han slår fast at "Rockall" er eit fugleberg og ein fiskebanke i Nord-Atlanteren vest for Hebridane – omstridt i politikken og kjent vêrskiljepunkt.

Men "utsette stader", då. Kvar er det?
- Staden skifter med vêret. Melder vi sterk vind, kan Stad vere ein utsett stad. Handlar det om ekstrem kulde, kan Røros eller Kautokeino vere utsette stader. Dei som bur på "utsette stader", veit når vêrvarselet gjeld dei, smiler Melhuus. Eg trur han.

Nye uttrykk

Språket ved Meteorologisk institutt blir forvalta strengt. Etter andre verdskrigen kom det i stand eit FN-samarbeid for å standardisere terminologien. Det vart viktigare å kunne samanlikne vêrfenomen i alt frå klimaforsking til reiseliv.

- Det er viktig at vi bruker rette uttrykk. I media blir vêrord dessverre ofte omsette mekanisk frå engelsk. Eit døme er "rainstorm". Det kan ikkje heite "regnstorm" på norsk, for storm er ein term med ein presis definisjon. Her er det snakk om "kraftig regnvêr", seier Melhuus.

Pent vêr

Kva vi oppfattar som "pent vêr", varierer med heimstad og yrke. "Opphaldsvêr" òg. Finst det ein meteorologisk definisjon?
- Sjølvsagt! Det er "pent vêr" når ikkje meir enn halve himmelen er dekt av skyer. Og det er "opphaldsvêr" når vi ikkje får meir nedbør på tjuefire timar. Og så kan vi moderere det: "Stort sett opphaldsvêr" betyr at vi ikkje får meir enn 0,4 mm nedbør på tjuefire timar, forklarer Melhuus.

Ekstremvêr

Ordet "ekstremvêr" kom inn i språket etter nyttårsorkanen i 1992. Orkanen var varsla, men få reagerte. Derfor vart dei materielle skadane så store. Sidan vart det utarbeidd ein beredskapsplan. Den inneber mellom anna at Meteorologisk institutt skal lage eit særskilt "ekstremvarsel", for "ekstremvêr", slik at samfunnet kan førebu seg og minimere skaden.

"Ekstremvêr" er vêr og naturfenomen som kan ta liv og øyde store verdiar i eit stort område. Ein varslar om vind, nedbør, flaumfare, snøskredfare og stormflod, som oppstår når pålandsvinden piskar sjøen mot land samtidig som lågtrykk hevar sjøskorpa.

- Vi bruker også skjønn før vi sender ekstremvarsel. Mellom anna ser vi på vêrtype, vindretning og kva veg stormen går. Vêrvane spelar også inn. Det er til dømes lågare terskel for å sende ut ekstremvarsel for sterk vind austafjells enn i Troms, seier Melhuus.

Ei arg tante Dagmar?

Sidan 1995 har ekstremvêrhendingane i Noreg fått personnamn, slik tropiske stormar og orkanar i Atlanterhavet har fått sidan 1953. Eg kan ikkje dy meg, men må spørje om nokon ved Meteorologisk institutt har eit horn i sida til ei tante Dagmar, ein fetter Cato eller ein kollega Berit.

- Namna skal gjere det tydeleg at vi har ekstremvêr i vente. Namnet vekkjer stor merksemd og lettar kommunikasjonen, seier Melhuus.

Av same grunn skal namnet vere tydeleg, så lista består av nokså korte jente- og gutenamn som er i vanleg bruk i Noreg. Namn med bokstavane q, w, x, z, æ, ø og å blir ikkje brukte. Namna kjem i alfabetisk rekkefølgje, mannsnamn og kvinnenamn annankvar gong.

- Namna på lista er heilt tilfeldig valde innanfor dei gitte rammene, forsikrar meteorolog og namnelistesjef Dag Roger Kristoffersen. Eventuell likskap med verkelege personar er altså ikkje tilsikta.

- Vi bruker mellom anna boka «Hva skal barnet hete?», og i den nyaste utgåva har dei teke inn ein del nye namn, til dømes Ahmed og Fatima, legg Kristoffersen til.

Namnelista er klar, men ikkje offentleg. Sistemann ut var Emil, men vi blir pent nøydde til å vente og sjå om det blir Frida eller Fatima som kjem for å slåst med det som er att av tunselja.

av Torunn Reksten, rådgivar i Språkrådet. Publisert i Statsspråk nr. 1/2012

Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering
Nettstedssikkerhet