Publisert: 08.11.2016

Nedbøren slepp ikkje lenger unna

Verradaren på Hafjell er no i drift. Dermed kan større delar av indre Austlandet få opp eit nåvarsel for staden sin på Yr, og folk kan sjølv sjå kor nedbøren er i anmarsj.

I sommar lanserte Meteorologisk institutt novarsling på Yr i samarbeid med NRK. Dei stadene som er dekte av radar har fått eit eige varsel som viser om det kjem regn dei neste 90 minutta. No vil blant anna folk frå Lillehammer, Ringebu og Skjåk samt Bagn, Fagernes og Beitostølen også få nåvarsel. 
 
- Etter kvart vil vi også få inn i novarselet kva type nedbør som kjem, om det er snø eller regn, fortel forskar Ivar Seierstad, ved Meteorologisk institutt. 
Nåvarselet finst førebels på mobilversjonen til Yr: m.yr.no. og Yr-appen til IOS, men skal snart finnast same fra kva dings du brukar Yr. 
Verradaren på Hafjell samlar inn observasjonar om nedbør kvart 7,5 minutt i ein omkrins på 240 kilometer. Observasjonane blir sende til Meteorologisk institutt, og blir vist i radarbileta og brukt i nåvarselet og vêrvarslingsmodellen.
- Med radar Hafjell på plass dekker vi nå store deler av indre Østlandet. Dette er et område hvor vi tidligere har hatt få observasjoner. Dette gir bedre værvarsel for folk på indre Østlandet, forklarer værvarslingsdirektør Bård Fjukstad. 
Radar Hafjell er den 11. verradaren som er bygd i Noreg av Meteorologisk institutt.
Slik ser det ut på Yr når det kjem regn dei neste nitti minutta.

 

I sommar lanserte Meteorologisk institutt novarsling på Yr i samarbeid med NRK. Dei stadene som er dekte av radar har fått eit eige varsel som viser om det kjem regn dei neste 90 minutta. No vil blant anna folk frå Lillehammer, Ringebu, Bagn, Fagernes og Beitostølen også få nåvarsel.  I tillegg vil det dekke flere fjellområder med store hyttefelt. 

 

- Etter kvart vil vi også få inn i nåvarselet kva type nedbør som kjem, om det er snø eller regn, fortel forskar Ivar Seierstad, ved Meteorologisk institutt. 

 

Nåvarselet finst førebels på mobilversjonen til Yr: https://www.yr.no/nb og Yr-appen til IOS, men skal snart finnast same fra kva dings du brukar for Yr.
 

Verradaren på Hafjell samlar inn observasjonar om nedbør kvart 7,5 minutt i ein omkrins på 240 kilometer. Observasjonane blir sende til Meteorologisk institutt, og blir vist i radarbileta og brukt i nåvarselet og vêrvarslingsmodellen.

- Med radar Hafjell på plass dekkjer vi no store delar av indre Austlandet. Dette er eit område kor vi tidlegare har hatt få observasjonar. Dette gir betre vêrvarsel for folk på indre Austlandet, forklarer vêrvarslingsdirektør Bård Fjukstad. 
 

Radar Hafjell er den 11. verradaren som er bygd i Noreg av Meteorologisk institutt.

 

Grønt område viser de delene av landet som i dag får nåvarsel.

 

 

Kontaktpersoner for media: 
Vêrvarslingsdirektør Bård Fjukstad, mobil 482 34 683 
Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering
Nettstedssikkerhet