Klimastatistikk

Vêret kan vi oppleva her og nå, men for å kjenne klimaet må vi ha observert vêret gjennom lengre tid. Vi vil gjerne framheve ordet observert, for observasjonane er det som klimastatistikken kviler på.

Normalar

For folk flest er kanskje det vi kallar normalar det som er aller best kjent; vi kan registrere eit spesielt vêr og finne kor stort avviket er i høve til normalen som er eit gjennomsnitt for ein fastlagd 30-årsperiode. Til dømes kan det heite: ”I Bergen har det til no falle 98 mm nedbør denne månaden mot normalen på 80 mm”.

Vel så ofte brukar ein normalen som ein fast referanseperiode ved jamføring mellom ulike stasjonar. Etter som normalperioden også er internasjonalt bestemt, kan til dømes kartframstillingar av nedbør og temperatur lett krysse landegrenser berre kvart meteorologisk institutt held seg til normalperioden.

Dimensjonering etter klima

Ofte er ikkje ein middelverdi eller ein normalverdi den mest interessante, men tvert i mot dei verkeleg store avvika frå normalen. Det kan vera store nedbørsmengder, sterke vindkast, ekstrem kulde eller varme. Slikt uvanleg vêr kan føre til ekstra kostnader for samfunnet, men veit vi kor ofte slikt vêr viser seg, kan det planleggjast der etter.

Utan klimastatistikk kunne sikkert også ei kraftleidning over fjellet til dømes byggjast sterk nok til å stå i mot alt slags vêr, men då måtte ho overdimensjonerast. Det ville ha vore ei sløsing straumkundane hadde likt dårleg. Det ideelle er å byggje ho nett så sterk at ho står utan å falle. Slik er det med mest alle konstruksjonar som er avhengige av vêret. Det er såleis lett å skjøne at bruk av klimastatistikk sparar samfunnet for enorme kostnader.

Ekstremverdiar

Klimastatistikk er også registrering av vêrrekordar. Dei fascinerer oss fordi dei fortel om det eksepsjonelle ved vêret, at vi kanskje ikkje har opplevd noko liknande før, kanskje er det til og med tvilsamt at vi kjem til å oppleva noko liknande i framtida.

Det har også stundom vist seg at nye rekordar har endra oppfatninga vår av kor vanleg ei vêrhending er, at dei har påverka resultatet frå dei statistiske modellane som blir brukte til å rekne ut tilbakevendingstider for ekstremvêr.

Menneskeskapte klimaendringar

Ein ekstra vanske for den som vil studere ekstremvêr har kome til i den seinare tida. Det er menneskeskapte klimaendringar som har ført til at vêr som før vart rekna for svært uvanleg ikkje er så uvanleg lenger. Dermed blir det viktig å kjenne til trendane i klimaet også når ein skal finne tilbakevendingstider for ekstremvêr.

Trendar i klimaet

Sist, men ikkje minst studerer vi trendar i klimaet både globalt, regionalt, nasjonalt og heilt ned på stasjonsnivå mot ein bakgrunn av menneskeskapte klimaendringar. Korleis endrar klimaet seg her til lands og kva avvik finn vi i utviklinga her jamført med den som skjer globalt?

På Klimastatistikk finn du:

Ynskjer du fleire klimadata, finn du det på eKlima.

 

Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering
Nettstedssikkerhet