Klimastasjonar

Dei måleseriane som blir presenterte her, er kontrollerte seriane som best viser temperaturutviklinga sidan dei systematiske målingane starta i Noreg på 1860-talet. Framvoksteren av byar kan skapa ei kunstig "varmeøy" over byen. Difor viser dette oversynet berre stasjonar på landsbygda eller i småbyar som ikkje har vakse.


Utsira på Vestlandet

Stasjonen ligg på øya Utsira i Boknafjorden og har data frå 1868. Målingane her er kvalitetstesta og funne å vera homogene gjennom tida. Klimaet på Utsira er sterkt påverka av luftstraumar frå Norskehavet; eit typisk maritimt klima.

Les mer

Bergen på Vestlandet

Dei fyrste temperaturmålingane i Bergen starta allereie i 1816, då av privatpersonar. Vurdert etter notidskrav, knyter det seg stor uvisse til dei. Likevel har vi valt å ta dei med på grafen som ein indikasjon på korleis temperaturen har utvikla seg gjennom snart 200 år. Frå 1860 kom målingane inn i fastare formar takk vera to sjukehus: Lungegårdshospitalet og Pleiestiftelsen for Spedalske nr. 1. Frå då av er uvissa mindre.

Les mer

Nesbyen på Austlandet

Stasjonen ligg i Hallingdalen i Buskerud og har data frå 1898. Nesbyen har innlandsklima og ligg på ei vid elveslette som skaper eit lokalklima med store variasjonar mellom natt og dag, sommar og vinter.

Les mer

Kjøremsgrende på Austlandet

Målestasjonen ligg fritt til oppe i dalsida på Lesja (nær Dombås og Dovrefjell) i Gudbrandsdalen om lag 600 m.o.h. og har data tilbake til 1865. Dei fleste gardane og også tettstaden Dombås ligg i denne høgda som tilsvarar om lag 100 m over dalbotnen. Temperatur-variasjonane i dalsida er meir avdempa enn nede i dalbotnen.

Les mer

Oksøy fyr på Sørlandet

Stasjonen ligger på Oksøy sør for Kristiansand og den har data fra november 1869. Oksøy ligger i den ytre øygarden mot Skagerrak, i et område der kysten går stort sett i retning SV-NØ. Øya er litt småkupert, ellers flat med små høyder over havet.

Les mer

Værnes i Trøndelag

Observasjonane blir tekne på flyplassen på Værnes nede ved Trondheimsfjorden ved munninga av Stjørdalen. Avstanden til Trondheim sentrum er 23 km i luftline; det er såpass langt at byen ikkje har heilt det same klimaet som flyplassen. Dei største skilnadene kjem om vinteren når kaldluft stundom blir drenert nedover Stjørdalen og passerer flyplassen på vegen ut til den isfrie Trondheimsfjorden. I slike situasjonar er det kaldare på Værnes enn i byen.

Les mer

Glomfjord i Nord-Noreg

Glomfjord ligg i Nordland og representerer eit maritimt klima. Stasjonen vart sett i drift i 1916 nær Glomfjord kraftverk, slik at åra som ligg inne føre starten er tekne frå andre stasjonar i området og tilpassa Glomfjord. Dermed har serien data tilbake til 1868

Les mer

Tromsø i Nord-Noreg

Ingen i byen er vel i tvil om kvar observasjonane for Tromsø blir tekne. Det er naturlegvis ved Vêrvarslinga for Nord-Norge på toppen av Tromsøya 100 m over havet. Her oppe står instrumenta bra fritt til å vera ei oppstilling i ein by. Her har dei også stått sidan starten i 1920 då det Geofysiske instituttet, som det heitte den gongen, vart grunnlagt.

Les mer

Karasjok i Nord-Noreg

Karasjok ligg på ei elveslette ved Kárášjohka i indre Finnmark som har innlandsklima. Stasjonen representerer klimaet i dalbotnen som gjev store variasjonar i temperaturobservasjonane. Karasjok har data frå 1876.

Les mer

Vardø i Nord-Noreg

Det er lange tradisjonar rundt målestasjonen i Vardø, for på festninga vart det allereie i åra 1829-31 gjort målingar av lufttemperatur, og det kvar time døgnet rundt. Då var det internasjonal interesse av temperaturgangen gjennom døgnet og som den nordlege utkanten av sivilisasjonen var Vardø interessant. Byen er den einaste i landet med arktisk klima om vi legg gjeldande normal (1961-90) til grunn, men i dei siste 10 åra har temperaturen stige så mykje at byen no står i fare for å misse denne statusen.

Les mer

Svalbard lufthavn på Spitsbergen

Stasjonen ligg no på flyplassen nær Isfjorden ikkje langt frå Longyearbyen på Spitsbergen og har arktisk klima. Området der stasjonen ligg er flatt, men med fjell ikring. Stasjonen har data frå 1912.

Les mer
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering
Nettstedssikkerhet