Publisert: 23.12.2015

Nyttig for Noreg i 150 år

Den 1. desember 1866 starta Meteorologisk institutt si verksemd. Stormvarsel kjem på plass i 1870. Ekstremvêrvarsling slik vi kjenner det i dag kom på plass i 1994. I 2016 kan MET feire 150 år, og fortsette arbeidet med å sikre liv og verdiar.

Gjennom heile 2016 vil Meteorologisk institutt markere sitt 150 årsjubileum.

Varslingstenesta begynner tidleg. I 1868 kompletterer instituttets første direktør Henrik Mohn dagens vêrkart med eit "lite hint" om morgendagens vêr. Prognosens sikkerheit gjer han uttrykk for at "ikke er ganske ringe". Stormvarsel blir presenterte frå ca. 1870. Vêrvarsel for Austlandet kjem ut frå 1882: "Vejrvarsler for Landmanden", som er daglege vêrvarsel i sommarmånadene.
Allereie i 1866 var forskinga i gang for å forstå atmosfæren og værutviklinga. Værobservasjoner hadde ein starta med, og dette blei også eit viktig område for instituttet dei neste 150 åra.
Det har skjedd mykje med instituttet gjennom 150 år, men fortsatt er det same hovedoppgåve som skal løysast, å vere nyttige for det norske folk gjennom å varsle vêret, overvake klimaet og drive forsking.
I dag er vêrobservasjonane ein starta opp med på 1800-talet viktige klimadata for å kunne sjå utviklinga, men dei er også viktige i forskinga om framtidas klima.  Sidan instituttet blei etablert i 1866, har norske meteorologar stått sentrale i utviklinga av faget. Meteorologisk institutt er i dag eit leiande internasjonalt kompetansemiljø.
Moderne meteorologi byr på store og spennande faglege utfordringar - for å formidle informasjon om vêr og klima til ulike brukargrupper er det fleire faggrupper som bidrar. Frå innsamlinga av vêrdata, handtering og analysa av enorme datamengder, fram til forståinga av korleis ein kan presentere dette for brukarane slik at dei kan gjere seg nytte av informasjonen.
Meteorologisk institutt utviklar og leverer ei lang rekkje nyttige tenester: Vi sørgjer for at redningshelikopter kjem trygt fram. Våre klimadata blir brukte til dimensjonering av Noreg, og kvar dag er yr.no ein del av planlegginga til folk.
Felles for alt arbeidet vårt er hovudformålet - å sikre liv og verdiar.


Meteorologisk instiutt startar si verksemd  i to leide rom på hjørnet av Karl Johan og Kirkegaten i Oslo, etter ein kongeleg resolusjon i juli same år. Varslingstenesta begynner tidleg. 

  • I 1868 kompletterer instituttets første direktør Henrik Mohn dagens vêrkart med eit "lite hint" om morgendagens vêr. Prognosens sikkerheit gjer han uttrykk for at "ikke er ganske ringe". 
  • Stormvarsel blir presenterte frå ca. 1870. 
  • Vêrvarsel for Austlandet kjem ut frå 1882: "Vejrvarsler for Landmanden", som er daglege vêrvarsel i sommarmånadene. 
  • Allereie i 1866 var forskinga i gang for å forstå atmosfæra og værutviklinga. 
  • Værobservasjoner hadde ein starta med, og dette blei også eit viktig område for instituttet dei neste 150 åra. 

Robust og nytenkande

Det har skjedd mykje med instituttet gjennom 150 år, men fortsatt er det same hovedoppgåve som skal løysast, å vere nyttige for det norske folk gjennom å varsle vêret, overvake klimaet og drive forsking.

I dag er vêrobservasjonane ein starta opp med på 1800-talet viktige klimadata for å kunne sjå utviklinga, men dei er også viktige i forskinga om framtidas klima. Vêrobservasjonane er og viktige for vêrvarslinga, sjølv i superdatamaskinane si tid. Sidan instituttet blei etablert i 1866, har norske meteorologar stått sentrale i utviklinga av faget. Meteorologisk institutt er i dag eit leiande internasjonalt kompetansemiljø.

Nyttig for Noreg

Moderne meteorologi byr på store og spennande faglege utfordringar - for å formidle informasjon om vêr og klima til ulike brukargrupper er det fleire faggrupper som bidrar. Frå innsamlinga av vêrdata, handtering og analysa av enorme datamengder, fram til forståinga av korleis ein kan presentere dette for brukarane slik at dei kan gjere seg nytte av informasjonen. 

Meteorologisk institutt utviklar og leverer ei lang rekkje nyttige tenester: Vi sørgjer for at redningshelikopter kjem trygt fram. Våre klimadata blir brukte til dimensjonering av Noreg, og kvar dag er yr.no ein del av planlegginga til folk.

Felles for alt arbeidet vårt er hovudformålet - å sikre liv og verdiar.
 

For kontakt om 150 årsjubileet:
  • Heidi Lippestad, mobil 976 73 907
    Direktør for organisasjon og samfunn 
Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering
Nettstedssikkerhet