Den lange serien frå Vardø starta som sagt på festninga, men har gjennom tidene vore flytt rundt i byen. Den noverande lokaliseringa er ved Vardø radio. Både trykk og temperaturserien er svært viktige for det globale nettet av observasjonar. For å forstå det er det berre å sjå på kartet der stasjonen ligg på Vardøya ved den austre tippen av Varangerhalvøya med Barentshavet rett utanfor. Temperaturen er ikkje kopla så sterkt til vestavinden i Nord-Atlanteren som stasjonane i Troms og Nordland.
Før instituttet tok over, er observasjonane av ein dårlegare kvalitet, så vi startar serien i 1868.
Einskilde år
![]() |
| Observasjonane blir no tekne på Vardø radio, slik som i år 2000 då biletet er teke. Det viser vêrhuset der temperatur og fukt vart observert og bakanfor ser vi også nedbørsmålaren. |
Det varmaste året som er observert på Vardø er 2007 med 3,2 °C, men om ein går langt attende i serien viser det seg at det berre var ei tangering, for 1938 var like varmt. I det 21. hundreåret var det ein konsentrasjon av varme år og både 2004 og 2005 hadde temperaturar over 3,0 °C. Dette står i sterk kontrast til dei kalde åra som faktisk kan ha middeltemperaturar under 0oC. Sist det skjedde var i 1966, og føre 1920 skjedde det rett mange gonger med 1881 som det mest ekstreme tilfellet (-1,1 °C).
Tiårsvariasjonar
Kurva på figuren illustrerer dei meir trege variasjonane i klimaet. Her er variasjonar på stuttare skala enn ti år filtrerte bort for at vi lettare skal sjå langtidsvariasjonane. Kurva viser at temperaturen no er sterkt stigande og har nådd høgre enn nokon gong før i målehistoria, men stigninga har gått i ?rykk og napp?. Den fyrste sterke stigninga kom over ein 30-årsperiode frå om lag 1900 til midten av 1930-talet. Deretter var det stillstand føre den siste store auken kom frå 1980 og fram til i dag.
Kalde periodar var det på 1960-talet og 1910-talet, men retteleg kaldt over lange tidsrom har det ikkje vore etter 1900, sjå kurva for Vardø.
![]() |
Under kan du sjå på grafar for sesongar og månader
Temperaturauke og trendar
Sidan 1868: auke 1,6 gradar, trend = 0,11 gradar per tiår
Siste 100 år: auke 0,9 gradar, trend = 0,09 gradar per tiår
Siste 50 år: auke 1,4 gradar, trend = 0,27 gradar per tiår
Meir informasjon
- Vêrvarsel for Karasjok på yr.no
- Vêrstatistikk for Karasjok på yr.no
- Klimastatistikk på met.no
- Annan vêrstatistikk på eklima.met.no
- Vardø radio målestasjon på kart





