Måleserien som her er presentert, er ein såkalla homogenisert serie, dvs. at data er justerte. For å kunne vise langtidsvariasjonar i klimaet, er serien forlenga bakover i tid med data frå Trondheim tilpassa til Værnes. Frå og med året 1870 fekk Meteorologisk institutt endeleg etablert ein stasjon i byen. Føre den tid var enno observasjonane frå Trondheim gjort av private og av ymse kvalitet, noko som gjer at vi her startar med institutt-serien. Elles må det nemnast at Trondheim var fyrst ute med systematiske målingar av temperatur i Noreg då brannmeisteren i byen fekk sett i gang målingar allereie i 1762.
Einskilde år
![]() |
| På Værnes blir det observert på det flate flyplassområdet. Her ser vi vêrhuset der temperatur og fukt blir observert, og bakanfor ser vi også vindmasta med instrument som gjev både retning og styrke på vinden. Heilt i bakgrunnen skimtar vi Trondheimsfjorden. Foto met.no. |
Det varmaste året som er observert på Værnes er 1990, då den svært milde vinteren gjorde det meste av utslaget. Også året 2007 var svært mildt, og så langt i serien er desse to åra dei einaste som har middeltemperatur på sju gradar eller høgare. Vi ser av årskurva at sidan 1989 er det heile fem år som er svært milde. Desse er det berre tre år på 1930-talet kan måle seg med, nemleg 1930, 1934 og 1938.
For å finne dei kalde åra, må ein relativt langt attende i tid; seinast i 1966 var det eit svært kaldt år. Likevel står somme år føre 1920 i ei klasse for seg, sjå figuren. Av desse er 1881 det kaldaste med 3.1 °C.
Tiårsvariasjonar
Kurva på figuren illustrerer dei meir trege variasjonane i klimaet. Her er variasjonar på stuttare skala enn ti år filtrerte bort for at vi lettare skal sjå langtidsvariasjonane. Kurva viser at temperaturen no er sterkt stigande og har nådd høgre enn nokon gong før i målehistoria, men stigninga har langt frå vore jamn. Den fyrste, sterke stigninga kom over ein ti-årsperiode sem enda ved midten av 1930-talet. Deretter var det nedgang og stillstand føre den siste store auken kom frå 1980 og fram til i dag. Kalde periodar var det på 1960-talet og rundt 1900.
![]() |
Under kan du sjå på grafar for sesongar og månader
Temperaturauke og trendar
I driftsperioden, 1870-2008: auke 1,2 gradar, trend = 0,09 gradar per tiår
Siste 100 år (1909-2008): auke 1,1 gradar, trend = 0,11 gradar per tiår
Siste 50 år (1959-2008): auke 1,5 gradar, trend = 0,29 gradar per tiår





