Einskilde år
Dernest er gjennomsnittet 8,5 gradar i heile sju tilfelle: åra 1934, 1953, 1997, 1999, 2000, 2003 og 2007. Merk kor tett dei seinaste åra er representerte på denne lista.
For å finne kalde år må vi tilbake til 1979: 6,3 gradar, men det aller kaldaste var 1881 med 6,0 gradar. Det kaldaste året i det 20. hundreåret var 1942 med 6,2 gradar.
Tiårsvariasjonar
Kurva på figuren under viser tiårsvariasjonane. Frå 1980-talet steig temperaturen sterkt opp mot 1990-talet, som er det varmaste tiåret i heile måleperioden, men no ser det ut til at det neste tiåret blir endå varmare.
Elles var det varme år på 1930-talet og på slutten av 1940-talet, med ein kaldbolk imellom, som dei tre kalde krigsvintrane må ta mykje av skulda for.
På den same tiårsskalaen merkjer åra omkring 1980 seg ut som svært kalde, og ein må attende til 1920-åra for å finne dei endå kaldare. Men aller kaldast var det i starten på måleperioden på slutten av 1870-talet.
![]() |
Under kan du sjå på grafar for sesongar og månader
Temperaturauke og trendar
- Sidan starten i 1868: auke 1,1 gradar, trend = 0,08 gradar per tiår.
- Siste 100 år: auke 0,8 gradar, trend = 0,08 gradar per tiår.
- Siste 50 år: auke 1,2 gradar, trend = 0,25 gradar per tiår.
Alle temperaturtrendane er statistisk sikre.
Meir informasjon
- Vêrvarsel for Utsira på yr.no
- Vêrstatistikk for Utsira på yr.no
- Klimastatistikk på met.no
- Annan vêrstatistikk på eklima.met.no
- Utsira målestasjon på kart





