Tromsø i Nord-Noreg

Ingen i byen er vel i tvil om kvar observasjonane for Tromsø blir tekne. Det er naturlegvis ved Vêrvarslinga for Nord-Norge på toppen av Tromsøya 100 m over havet. Her oppe står instrumenta bra fritt til å vera ei oppstilling i ein by. Her har dei også stått sidan starten i 1920 då det Geofysiske instituttet, som det heitte den gongen, vart grunnlagt.

Vår måleserie, som vi presenterer her, femner også observasjonar tekne i sentrum føre 1920. Der starta Meteorologisk institutt målingar allereie i 1867. Klimaet i sentrum er varmare enn på toppen av øya så det har vore naudsynt å justere målingane i byen for å få dei tilpassa serien frå toppen av øya.

Einskilde år

I Tromsø ligg instrumenta ved vêrvarslinga på toppen av Tromsøya. Biletet viser den gamle oppstillinga av instrumenta med den kvite "hytta" eller "vêrhuset" sentralt i biletet. Der vart temperaturen teken til inntil nyleg då oppstillinga vart flytt til ei anna side av huset. Det var eit ledd i moderniseringa av stasjonen.

For å finne det varmaste året som er observert i Tromsø, må ein gå meir enn 80 år attende i tid, nærare bestemt til 1938. Oppsiktsvekkjande er det også at det nest varmaste skriv seg frå same tiåret, dvs. 1934. Dei tre neste på lista finst derimot finn ein i nyare tid, på 1990- og 2000-tala.

Dei kaldaste seks åra må ein gå endå lenger attende i tid for å finne, alle skriv seg frå tida føre 1920, med det aller kaldaste plassert i 1893. Dette illustrerer også historia om den sterke oppvarminga som skjedde i områda rundt Nord-Atlanteren tidleg på 1900-talet. Ho var så markert at ho har fått sitt eige namn, ?Den tidlege 1900-tals-oppvarminga?. Ho gjorde seg særleg gjeldande i Nord-Noreg og på Svalbard.

Tiårsvariasjonar

Kurva på figuren illustrerer dei meir trege variasjonane i klimaet. Her er variasjonar på stuttare skala enn ti år filtrerte bort for at vi lettare skal sjå langtidsvariasjonane. Kurva er eit døme på den sterke stigninga i temperaturen som skjedde i Nord-Noreg på 1910- og 1920-talet og nådde ein topp på 1930-talet. Trass i denne toppen har temperaturen stige sterkt dei seinare åra slik at kurva no ligg høgare enn på 1930-talet slik figuren viser.

Etter dei høge temperaturane på 1930-talet fylgde nokre kalde år, men ingen ting som kunne måle seg med perioden føre den sterke stigninga tok til. Temperaturane har vore sterkt varierande, men likevel har det vore ein positiv trend gjennom heile måleperioden, slik som vist under.

Under kan du sjå på grafar for sesongar og månader 

Temperaturauke og trendar

I driftsperioden, 1868-2008: auke 0,9 gradar, trend = 0,09 gradar per tiår
Siste 100 år (1909-2008): auke 0,7 gradar, trend = 0,07 gradar per tiår
Siste 50 år (1959-2008): auke 1,1 gradar, trend = 0,21 gradar per tiår

Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering