Før 1974 kjem dataa frå andre målestasjonar på Spitsbergen, men dei er justerte slik at dei skal gjelde for Svalbard lufthamn (foto met.no, 2004).
Einskilde år
![]() |
| Svalbard lufthavn vêrstasjon på Spitsbergen. Her blir instrumenta inne i vêrhuset kontrollerte Foto: met.no. (Klikk på biletet for å få det større.) |
Av kalde år skil 1917 seg ut som eit ekstremår, då temperaturen i middel var ?12,2 gradar. Etter slik kulde skal det noko til å koma nær den gamle rekorden, sidan drivhuseffekten har auka monaleg sidan den tid. Lat det likevel vera nemnt at middelet for 1968 var så lågt som ?10,1 gradar. Dette er eitt av tre år at middeltemperaturen har vore under ?10 gradar.
Tiårsvariasjonar
Vurdert etter ein tiårsskala, sjå kurva, er temperaturen på Spitsbergen høgare no enn nokon gong før. Det er vorte ein ny rekord på 2000-talet, men vi veit enno ikkje kor høg rekorden vil bli, eller eksakt år for maksimumspunktet på kurva. Den før omtala kalde starten på mæleserien dominerer også på denne tidsskalaen, men ein må også merkje seg den låge temperaturen på 1960-talet.
I diagrammet for Svalbard finn ein att karakteristiske kjennemerke frå hovudlandet, slik som maksimalpunktet på 1930-talet vurdert etter ein tiårsskala. Dei lokale maksima og minima fell i det store og heile innafor dei same tiåra som på hovudlandet. Det tyder at dei same klimaregima styrer utviklinga både i hovudlandet og på Svalbard. Eit unntak frå dette er 1950-åra, då det var varmt på Svalbard, medan det ikkje var noko lokalt maksimum i resten av landet.
![]() |
Under kan du sjå på grafar for sesongar og månader
Temperaturauke og trendar
- Sidan starten i 1912: auke 2,2 gradar, trend = 0,22 gradar per tiår.
- Siste 50 år: auke 3,2 gradar, trend = 0,65 gradar per tiår.
Alle temperaturtrendane er statistisk sikre.
Meir informasjon
- Vêrvarsel for Svalbard lufthavn på yr.no
- Vêrstatistikk for Svalbard lufthavn på yr.no
- Klimastatistikk på met.no
- Annan vêrstatistikk på eklima.met.no
- Svalbard lufthavn målestasjon på kart
- Longyearbyen målestasjon på kart





