Ny satellitt opp i dag

Den europeiske satellittparken blir fornya.

Den 5. juli klokka 21:36 UTC blir tredje generasjon av vêrsatellitten Meteosat Second Generation, MSG-3, skote opp frå Kourou, Fransk Guiana. Den nye satellitten skal erstatte Meteosat 8, som går på overtid. MSG-3 er utvikla og bygd for den europeiske romorganisasjonen ESA og for operativ bruk av Eumetsat (European Meteorological Satellite Organisation).

Geostasjonær

MSG-3 er ein geostasjonær satellitt. Den ligg m.a.o i fast posisjon i forhold til jordoverflata, ca. 36.000 km over ekvator. Frå denne høgda "ser" den rundt 42 % av Jorden til eikvar tid. Oppgåva er å måle strålinga frå Jorda og atmosfæren.

Info om atmosfæren

Den teknologiske utviklinga gjer vêrsatellittane stadig meir nyttige for vêrvarslinga. Mens dei fyrste satellittane gav "pene bilete av skyer sett ovanfrå", gir dagens satellittar ny informasjon kvart 15. minutt. Informasjonen blir nytta både i vêrvarsling på kort og lang sikt, samt i samband med overvaking av klimaet.

Den hyppige tilgangen på data saman med informasjon om vassdampinnhaldet til atmosfæren, gjer dei meteorologiske geostasjonære satellittane spesielt godt eigna til overvaking av storstilte vêrsystem. I særleg grad kan dei gi verdifull informasjon om kraftige lågtrykk som utviklar seg raskt.

Bakgrunn

Den fyrste Meteosat'ein blei skoten opp 23. november 1977 frå Cape Canaveral med ein amerikansk Delta bererakett.

Bereraketten denne gongen er ein Ariane-rakett. Noreg sine utgifter til det meteorologiske satellittsamarbeidet i 2012 ligg på rundt 47 MNOK


Les meir om oppskytinga av MSG-3 på EUMETSAT sine nettsider

Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering