Nesbyen på Austlandet

Stasjonen ligg i Hallingdalen i Buskerud og har data frå 1898. Nesbyen har innlandsklima og ligg på ei vid elveslette som skaper eit lokalklima med store variasjonar mellom natt og dag, sommar og vinter.

Her samlar det seg kaldluft om natta og gjerne heile døgnet om vinteren, medan dagtemperaturane om sommaren kan bli svært høge. Stasjonen har då også varmerekorden for Noreg.

Variasjonane på denne stasjonen blir gjerne noko større enn på stader i dalsidene eller nærare havet. Dette innverkar også på trendane som gjerne blir bratte på slike stader.

Einskilde år

Nesbyen vêrstasjon ligg i dalbotnen i Nes kommune i Hallingdal. Stasjonen har hatt fleire plasseringar, men alltid stått i dalbotnen som her på garden Skoglund. Til venstre ser vi vêrhuset med vindretningspila bakanfor og til høgre nedbørsmålaren. Foto: met.no 1977. (Klikk på biletet for å få det større.)
Dei varme åra har kome i slutten på måleperioden med det aller varmaste så seint som i år 2000. Då hadde Nesbyen 5,5 gradar i gjennomsnitt. Dernest fylgjer 1990 og 1989, som var så varme vesentleg på grunn av dei milde vintrane desse åra.

Elles var det fleire varme år på 1990-talet, men lenger attende i tida finst det færre av dei. På 1930-talet var 1934 og 1938 varme.

For å finne særleg kalde år, treng ein ikkje gå lenger attende enn til 1996, då gjennomsnittet var 2,0 gradar. Elles finst det mange kalde år på 1960-talet, og dessutan var 1970 kaldt, berre 1,2 gradar. Men det aller kaldaste året var 1915, då gjennomsnittet berre var 0,7 gradar, og vi legg også merke til 1941, som er det nest kaldaste i serien, sjå diagrammet.

Merk at serien frå Nesbyen ikkje er eldre enn frå 1898, medan dei fleste andre måleseriane i dette oversynet skriv seg frå 1860-talet.

Tiårsvariasjonar

Kurva på figuren under viser dei meir trege variasjonane i klimaet. Her er variasjonar på stuttare skala enn ti år filtrerte bort. Kurva er no sterkt stigande og har nådd høgre enn nokon gong før i historia. Det kan no konstaterast at det er vorte ny rekord på denne skalaen, men nivået for rekorden er ikkje fastlagd enno, for komande år verkar inn på enden av kurva.

Den gamle rekorden er ikkje eldre enn om lag 10 år, frå 1991. Før det må vi tilbake til 1930-talet for å finne den nest høgaste toppen, 3,4 gradar mot 3,9 gradar i 1991. Enden av kurva ligg no på 4,2 gradar.

Den kaldaste perioden etter denne skalaen kom på 1960-talet, men då må det leggjast til at målingane ikkje var i drift føre 1898. Det var sikkert kaldare på 1860- og 1870-talet, slik til dømes kurva for Kjøremsgrende viser.

Under kan du sjå på grafar for sesongar og månader 

Temperaturauke og trendar

  • Sidan starten i 1898: auke 1,4 gradar, trend = 0,12 gradar per tiår.
  • Siste 100 år: auke 1,4 gradar, trend = 0,14 gradar per tiår.
  • Siste 50 år: auke 2,4 gradar, trend = 0,47 gradar per tiår.

Alle temperaturtrendane er statistisk sikre.

Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering