Varmetida i tidleg mellomalder
Både historiske kjelder og andre indirekte data viser store klimavariasjonar i våre område dei siste 1000 åra.Dramatiske hendingar, som at den norrøne busetjinga på Grønland bukka under på 1300- og 1400-talet, har vore litt av ei utfordring for forskarar. Kunne det vera slik at ein varm periode i mellomalderen var gunstig for jordbruket på Grønland, men at det ikkje kunne bera ei klimaforverring?
Det finst ei kjelde på 1300-talet (Grønlandsforteljing av Ivar Bårdson) som seier at den gamle siglingsruta mellom Island og Grønland var oppgjeven. Skulle ein no fara, måtte ein ta ei sørlegare rute for å gå klar av isen.
Før stod klimaforskarane mest berre med slike historiske data, som den av Ivar Bårdson. I dag finst eit rikt materiale lagra lagvis i myr, bre, innsjøbotn og havbotn tilgjengeleg for analyse. Det kan dreie seg om borekjernar i Grønlandsisen, pollen og anna organisk materiale, ja til og med dryppstein frå holar i Rana let seg analysere. Slike data peikar på at det har funnest ein varmeperiode i mellomalderen, og at det sidan har vorte kaldare. Analysen av dryppstein har spesielt god datering, og der viser det seg at den høgaste temperaturen var på 1100-talet.Den vesle istida
Frå varmetida i mellomalderen sokk temperaturen. Klimaet gjekk inn i ein kaldare periode som har vorte kalla ?den vesle istida?.
Namnet fekk perioden fordi mange av breane la på seg, slik at isen strøymde lenger ned i dalane. Somme stader gjekk det så
dramatisk for seg at breen tok med seg gardar på ferda nedover.
Det hende til dømes ved Engabreen i Nordland: Breen øydela garden Storsteinsøyra på 1720-talet. Nigardsbreen øydela gardane
Mjølver og Nigard i 1748. Seinare har breeane i det store og heile drege seg attende, om enn avbrote av framgang eller stillstand
år om anna.
Tidlegare trudde ein at 1700-talet var den kaldaste perioden i og med at breane då var på sitt største, men seinare forsking
har ikkje kunna stadfesta det.
Føre det store breframstøytet på 1700-talet var vintrane tvert i mot milde. Ei vesentleg kjelde for vinterdata er skipstrafikken
i Austersjøen som no var mindre hindra av is enn i hundreåra føre og etter. Skip kunne gå tidleg inn på hamna i Tallinn om
våren utan å verta stoppa av isen. Dette heng likevel godt saman med at breane voks, for milde vintrar på Vestlandet og i
Nordland tyder at vestavindsbeltet ikkje ofte er blokkert av høgtrykk. Slikt vêr gjev mykje snø i kystnære fjellstrok. Til
dømes kom den vidgjetne Storeflaumen på Vestlandet i desember 1743, kanskje den størst flaumen i landsdelen i historisk tid.
Medan det regna i bygdene, må det ha snødd i fjellet og då også på breane.
Klimaforverring fram mot 1800-talet
![]() |
Ved overgangen frå 1700-talet til 1800-talet skjedde det ei klimaforverring. Mykje tyder på at den kaldaste perioden i norsk klima er nettopp tidleg på 1800-talet.
Særleg interessant er temperaturen om våren og sommaren, fordi det var no bøndene skulle avle kornet. Opplysningar finst som indirekte temperaturdata, ved at fyrste skurddato ofte er oppgjeven i gardsdagbøker. Vi veit altså kor tidleg det var mogleg for bonden å hauste moge korn. Var våren og sommaren varm, vart kornet drive fram tidleg. Var det kjølig måtte kornet stå ute lenger. Såleis er det ein sterk samvariasjon mellom starten på skurden og vår/sommartemperaturen. Ved hjelp av skurddato, og også av posisjonen til historiske morenar framfor Storbreen (Jotunheimen) og Nigardsbreen, har det lukkast å rekonstruere vår/sommartemperaturen langt tilbake på 1700-talet på Vestlandet, slik figuren viser.
På slutten av 1800-talet var temperaturen i det store og heile høgre enn tidleg i hundreåret, men noka rask stigning var det ikkje tale om.
Temperatursprang
Så skjedde det noko uventa: Like før 1930 kom det eit brått omskifte som ofte blir referert til som den tidlege 1900-talsoppvarminga.![]() |
Vi ser ho tydeleg ved å studere dei to kurvene på figuren; den raude kurva som viser 10-årsvariasjonane og den svarte som viser 30-årsvariasjonane. Etter 1930 vart temperaturen gjennomgåande liggjande på eit høgare nivå enn før. Vi kan seia at temperaturen då gjorde eit sprang oppover, ei heller underleg hending sett gjennom brillene til førre generasjon klimatologar.
No ser vi fleire døme på raske klimaendringar, også gjennom andre indirekte data. Det finst i dag også eit teoretisk fundament for at slike endringar kan skje.
Dei verkeleg varme eller kalde vår/somrane
Dei fleste av oss har dei to siste, varme vår/somrane friskt i minne, men kor varme var dei sett i eit historisk perspektiv?
Alle somrane sidan 1734 er viste i diagrammet som prikkar. Vi ser at vår/sommaren 2002 ligg heile 0,7 ºC høgare enn dei nest
varmaste, som var 1947 og - ja nettopp - 2003. Det viser at varmen no dei siste åra har vore heilt ekstraordinær; at vi ikkje
kan vise til maken dei 270 åra vi kan sjå attende. Med dette kan vi også peike på eitt av kjernepunkta ved studiet av fornklimaet;
det å vera i stand til setja dei noverande klimavariasjonane inn i eit historisk perspektiv. Generelt er det etter 1930 vi
finn dei varmaste vår/somrane. Heile 7 av dei var varmare enn den varmaste føre 1930.
For å finne ein verkeleg kald vår/sommar må vi 70 år tilbake i tida, til 1923. Den aller kaldaste ser ut til å ha vore sommaren
1802. På 1700-talet (for dei åra vi har data) står 1784 fram som den kaldaste. Det kan ha noko å gjera med utbrotet frå vulkanen
Lakagígar på Island året før og den fylgjande vinteren.
Kva skjer i framtida?
Avslutninga på kurvene tirrar fantasien og kunnskapstrongen vår. Er den raske stigninga på slutten av kurva innleiinga til eit nytt sprang oppover, eller blir det berre eit nytt maksimalpunkt? Den før 1930 kom vesentleg på nordlege breidder, medan den oppvarminga vi no ser, er eit globalt fenomen. Dette er heller ikkje uventa i og med at klimamodellane varslar eit varmare, globalt klima. Oppe i dette må ein likevel ikkje gløyme dei tilfeldige klimavariasjonane som ein alltid har hatt. Det er ingen grunn til å bli forundra om temperaturen i framtida ikkje blir jamt aukande, når vi elles ofte før har sett raske sprang og periodar med stillstand. Temperaturen svingar no omkring eit høgare nivå enn før. Kanskje kunne vi ikkje fått ein så rekordhøg sommartemperatur om ikkje den bakanforliggjande årsaka hadde vore ein høgre konsentrasjon av drivhusgasar i atmosfæren.





