Kjøremsgrende på Austlandet

Målestasjonen ligg fritt til oppe i dalsida på Lesja (nær Dombås og Dovrefjell) i Gudbrandsdalen om lag 600 m.o.h. og har data tilbake til 1865. Dei fleste gardane og også tettstaden Dombås ligg i denne høgda som tilsvarar om lag 100 m over dalbotnen. Temperatur-variasjonane i dalsida er meir avdempa enn nede i dalbotnen.

Dovrefjell ligg i skjeringsfeltet mellom tre sørnorske temperaturregionar Austlandet, Vestlandet og Trøndelag, men klimaet på staden må likevel avgjort kunne karakteriserast som eit innlandsklima. Dette er den lengste norske serien som er utan påverknad av byutvikling.

Einskilde år

Kjøremsgrende vêrstasjon øvst i Gudbrandsdalen er ein av svært få i landet som måler fordamping. Her ser vi fordampingskaret heilt i framgrunnen, nedbørsmålaren til venstre, vêrhuset, og vindpila heilt til høgre. Utsynet er sørover dalen mot Dovre. Foto: Øyvind Nordli 2004. (Klikk på biletet for å få det større.)
Det er i andre halvdelen av observasjonsserien finn vi dei varme åra med 2006 som det aller varmaste, fylgd av 1990 og dinest fleire år som var nesten like varme: 1930, 1953 og 2000 (sjå figuren under).

 

For å finne retteleg kalde år, må vi tilbake til tida føre 1920. Aller kaldast var 1867 med ?0,8 gradar. I alt 7 år er kaldare enn 0 gradar, det siste av dei var 1915. Men i 1979 heldt middeltemperaturen seg berre så vidt over 0 gradar. Innafor dei siste 10 åra var 1996 det kaldaste med 0,8 gradar.

Tiårsvariasjonar

Kurva under viser dei meir trege variasjonane i klimaet. Her er variasjonar på stuttare skala enn ti år filtrerte bort. Kurva er no sterkt stigande og har nådd høgre enn nokon gong før i historia.

Det kan konstaterast ny rekord, men eksakt nivå for den nye rekorden kan ikkje heilt bli fastlagt enno, for komande år verkar inn på enden av kurva.

Før hadde kurva ikkje eitt maksimum, men to. Det eine skriv seg frå så langt tilbake som 1930-talet som var eit varmt tiår over heile landet, medan det nye maksimumet kom i 1991, vesentleg på grunn av fleire milde vintrar. Dei to tidlegare toppane ligg på 2,1 gradar, medan enden på kurva no er oppe i heile 3,0 gradar.

Kalde tiår i nyare tid kom rundt 1980, og dessutan var 1960-talet kaldt. I det 20. hundreåret var det fyrste tiåret kaldt, og også 1920-talet. Dei verkeleg kalde åra kom likevel i starten på måleperioden, det vil seie 1860-talet. Merk at Kjøremsgrende startar serien sin noko tidlegare enn dei andre i oversynet med 1865 som det fyrste fulle året med data.

Under kan du sjå på grafar for sesongar og månader 

Temperaturauke og trendar

  • Sidan starten i 1865: auke 1,4 gradar, trend = 0,10 gradar per tiår.
  • Siste 100 år: auke 0,8 gradar, trend = 0,08 gradar per tiår.
  • Siste 50 år: auke 1,4 gradar, trend = 0,28 gradar per tiår.

Alle temperaturtrendane er statistisk sikre.

Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering