Karasjok i Nord-Noreg

Karasjok ligg på ei elveslette ved Kárá?johka i indre Finnmark som har innlandsklima. Stasjonen representerer klimaet i dalbotnen som gjev store variasjonar i temperaturobservasjonane. Karasjok har data frå 1876.

Det er nett her den lågaste, offisielle temperaturen er målt i Noreg.

Einskilde år

Karasjok vêrstasjon her fotografert i 1950 då stasjonen gjekk over frå vêrhus av type Edlund (i framgrunnen) til ein meir moderne type (i bakgrunnen). Edlund-vêrhuset var konstruert av Vêrvarslinga i Nord-Norge og var i bruk berre i den landsdelen. Foto met.no 1950.

Det året som særmerkjer seg som spesielt varmt i Karasjok, er 1937 med eit gjennomsnitt på 1,0 gradar. Nest varmast er eit anna år på 1930-talet (1934) og dessutan 1974, som var like varmt. Elles har fire andre år vore varmare enn 0 gradar, 1920, 1972, 1989 og 1990.

I nyare tid har det elles vore mange kalde år, og det er verd å merkje seg at gjennomsnittstemperaturen i 1955 var så låg som -4,9 gradar, som er det kaldaste sidan mælingane starta i Karasjok i 1876. Det nest kaldaste må vi attende til 1893 for å finne.

Tiårsvariasjonar

Analyserer vi serien på tiårsskala, finn vi eit markert maksimum i 1930-åra, der alle åra i tiåret er varmare enn middelverdien for serien. Sjølve maksimumet fell på 1934 med -0,8 gradar, og lenge var ikkje temperaturen i nærleiken av det nivået. Det nest høgste maksimumet kom i fyrste delen av 1990-talet, -1,3 i 1991. No er temperaturen sterkt stigande, men det er likevel uvisst om det blir eit nytt maksimum i fyrste tiåret på 2000-talet.

Minimumet på kurva ligg så langt tilbake som rundt 1900, men eit lokalt minimum fyrst på 1980-talet var faktisk nesten like lågt. Skilnaden er berre ein tidels grad, og det er ikkje ein gong visst at skilnaden er reell når ein tek omsyn til uvissa i målingane.

 

Under kan du sjå på grafar for sesongar og månader 

Temperaturauke og trendar

  • Sidan starten i 1876: auke 0,4 gradar, trend = 0,03 gradar per tiår.
  • Siste 100 år: auke 0,2 gradar, trend = 0,02 gradar per tiår.
  • Siste 50 år: auke 1,5 gradar, trend = 0,30 gradar per tiår.

Trenden sidan starten i 1876 og 50-års trenden er statistisk sikre, men det er ikkje 100-årstrenden.

Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering