Internasjonalt samarbeid

Meteorologien stansar ikkje ved landegrensene. Difor er det naudsynt å utveksla observasjonar og informasjon med andre land. Her kan du lese om verdas meteorologiske organisasjon (WMO) og dets kommisjonar, samt FNs kommisjon for langtransporterte grenseoverskridande forureiningar.



  • World Meteorological Organization (WMO)
    World Meteorological Organization vart oppretta i 1945 i regi av FN. Samarbeidet går mellom anna ut på å innhenta observasjonar for heile kloten, utveksla data med effektiv kommunikasjon, på eit språk alle forstår og kan tyda, og utarbeida felles kodar over helie verda. Alle aktuelle målingar må gjerast på ein standardisert måte, slik at dei numeriske data blir eintydige og kan lesast av alle.
Ein stor del av arbeidet i WMO går føre seg i tekniske kommisjonar. Met.no er med i alle kommisjonane i WMO for å ivareta instituttet sine interesser og for å halda seg orientert og informert om utviklinga på verdsbasis. Sjølv om kommisjonane berre møtest fjerdekvart år, vert det kontinuerlig arbeid i mange verdsomspennande samarbeidprosjekt. Kontakten med andre institutt og utveksling av fagleg kompetanse er nyttig for vidareutvikling av både fag og institutt.
  • Commission for Basic Systems (CBS) engasjerer seg i det som er grunnleggjande for all meteorologi, nemleg observasjonsstasjonane og observasjonsnettet, forutan datakommunikasjon og ulike sentra for dataprosessering.

  • Commission for Atmospheric Sciences (CAS) koordinerer forsking om atmosfærens samansetjing og dei prosessane som går føre seg i atmosfæren. Viktige område er urban meteorologi, som tar sikte på varsling av luftkvalitet i liten skala, og varsling av ekstremvêr, med spesiell vekt på tropiske stormar.
  • IOC/WMO Joint Commision for Oceanography and Marine Technology. Det er særleg kyststatar som er med i JCOMM, og Noreg prioriterar fagområdet høgt på grunn av dei viktige maritime tenestene og vår lange kystlinje.
  • Commission for Aeronautical Meteorology (CAeM) arbeider med vêrvarsling for luftfart.
  • Commission for Climatology (CCl) er viktig med tanke på klimaendringar som global oppvarming. Kommisjonen spelar ein viktig rolle innan verdas klimaprogram når det gjeld klimadata og bruk av klimatologi.
  • Commission for Hydrology (CHy) er instituttet med i, i samarbeid med Hydrologisk avdeling i Norges vassdrags- og energidirektorat. Etter kvart som vassressursar har vorte meir verdfulle, har denne kommisjonen vorte viktigare. Både vasskvalitet, flaum og flaumkatastrofar er del av kommisjonen sitt ansvarsområde.
  • Commission for Agricultural Meteorology (CAgM) er spesielt viktig for utviklingslanda. Her samarbeider Meteorologisk institutt med Universitetet for miljø- og biovitenskap (Norges Landbrukshøyskole.)
  • Commission for Instruments and Methods of Observation (CIMO) arbeider med standardisering av instrument og målemetodar.


Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering