Einskilde år
Av kalde år er det verd å merkje seg 1915, då temperaturen berre var 2,3 gradar. Ikkje ein gong i det 19. hundreåret er det registrert så låg ein årsmiddeltemperatur. Eit anna kaldt år i nyare tid er 1955 med 3,1 gradar, og i 1981 var temperaturen under 4 gradar i årsgjennomsnitt for hittil siste gong, 3,8 gradar.
Tiårsvariasjonar
Analysen på tiårsskala viser at 1930-talet var ein varm periode også her i Nordland og Troms. Og stigninga fram mot dette maksimalpunktet var endå meir dramatisk enn den vi såg i Sør-Noreg.
I Glomfjord var også 1910-talet svært kaldt, slik at stigninga fram mot 1930-talet vara i 20 år. Men elles fell dei lokale maksima og minima stort sett inn i same tiåra som i Sør-Noreg.
På tiårsskala er det kome eit nytt maksimum i 1991, som er like høgt som det førre i 1935. Stigninga held fram, og det kan konstaterast ny rekord, men dei komande åra vil vise kor høgt rekorden blir liggjande.
Enden på kurva ligg no på 6,0 gradar, medan dei tidlegare toppunkta ligg på 5,6 gradar.
Under kan du sjå på grafar for sesongar og månader
Temperaturauke og trendar
- Sidan starten i 1868: auke 1,7 gradar, trend = 0,12 gradar per tiår.
- Siste 100 år: auke 1,0 gradar, trend = 0,10 gradar per tiår.
- Siste 50 år: auke 1,0 gradar, trend = 0,20 gradar per tiår.
Alle temperaturtrendane er statistisk sikre.
Meir informasjon
- Vêrvarsel for Glomfjord på yr.no
- Vêrstatistikk for Glomfjord på yr.no
- Klimastatistikk på met.no
- Annan vêrstatistikk på eklima.met.no
- Glomfjord målestasjon på kart





