Europeisk samarbeid
Det finnes ulike europeiske samarbeid på meteorogiske vêrprognosar, satellittar, økonomisk interessegruppering og andre nettverk.
- ECMWF - det europeiske
Hovudoppgåva til det europeiske vêrvarslingssenteret ECMWF i Reading, England, er å utvikla numeriske modellar for å laga
vêrprognosar for inntil 10 døger og formidla desse til medlemslanda. Utvikling av metodar for sesongvarsling er eit nytt satsingsområde
ved senteret.
- EUMETSAT - the European Organisation for the Exploitation of Meteorological Satellites
EUMETSAT er ein vesteuropeisk organisasjon for drift og utnytting av meteorologiske satellittar. I 1998 vart det vedtatt eit
program for å utvikla og senda opp europeiske polarbanesatellittar. Dette er svært kostnadskrevande, men nytten vil vera stor
for dei nordiske landa. Første satellitt vart skoten oppi 2006 og gir tilgang til ein mengd nye observasjonsdata, ikkje minst
frå dei observasjonsfattige havområda i Norskehavet.
