Bergen på Vestlandet

Dei fyrste temperaturmålingane i Bergen starta allereie i 1816, då av privatpersonar. Vurdert etter notidskrav, knyter det seg stor uvisse til dei. Likevel har vi valt å ta dei med på grafen som ein indikasjon på korleis temperaturen har utvikla seg gjennom snart 200 år. Frå 1860 kom målingane inn i fastare formar takk vera to sjukehus: Lungegårdshospitalet og Pleiestiftelsen for Spedalske nr. 1. Frå då av er uvissa mindre.

Stasjonen Bergen - Florida står nær Geofysisk institutt som ein ser i bakgrunnen. Vêrhuset til venstre er av den gamle typen som står i sterkt kontrast til den vesle, sylindriske strålingsskjermen ved sidan av. Han skjermar ein moderne temperatursensor mot direkte stråling. Heilt til høgre finst nedbørsmålaren av typen Geonor. Siste del av temperaturrekkja frå Bergen skriv seg frå denne stasjonen.

Dei seinaste måleseriane skriv seg frå Fredriksberg og frå Florida som no er den einaste som er i drift. Målestasjonen ligg ved Geofysisk institutt ved universitetet, midt i byen (sjå foto) og dermed blir den påverka av byutviklinga ved at han registrerer ekstra varme, den såkalla urbaneffekten. Fredriksberg, derimot, som låg på Nordneset ut mot sjøen, registrerte berre ein liten urbaneffekt. Grafen viser ein måleserie der urbaneffekten er teken bort, slik at trenden blir om lag som for omlandet til Bergen. Dette arbeidet er enno ikkje avslutta og små endringar kan koma.

Klimaet i Bergen er sterkt påverka av havet utanfor som er isfritt heile året. Dette pregar særleg vintertemperaturane som dermed blir monaleg høgre enn på Austlandet. Dessutan held det vanlege trykkmønsteret vedlike ein varm, sørvestleg luftstraum over Atlanterhavet med høgtrykk over Azorane og lågtrykk ved Island. Straumen varierer i styrke år om anna og denne variasjonen blir kalla Den nordatlantiske oscillasjonen (NAO-indeksen). De sterkare denne straumen er, di mildare blir vinteren i Bergen. Vi skal sjå nærare på variasjonane i årsmiddeltemperaturen.

Einskilde år

Det suverent varmaste året i Bergen er 2006 då middeltemperaturen på Florida kom opp i 9,3 oC. Dei seinaste åra har samla sett vore svært varme som t.d. 2008 som var det nest varmaste med 8,9oC. Nemnast skal også 2000, 2002 og 2003 som også var svært varme. Eit anna svært varmt år (nesten like varmt som 2008) var 1990 då vinteren var særleg mild. Av tidlegare varme år kan nemnast 1934, sjå grafen.

For å finne eit retteleg kaldt år må vi tilbake til 1979 då særleg vinteren var kald, men det aller kaldaste året i serien av sikre målingar var 1915 med eit gjennomsnitt på berre 7,0 oC. Tidlege målingar indikerer at 1838 var endå kaldare.

Tiårsvariasjonar

Kurva på figuren under viser dei meir trege variasjonane i klimaet. Her er variasjonar på stuttare skala enn ti år filtrerte bort. Kurva er no sterkt stigande og har nådd høgre enn nokon gong før i målehistoria, men stigninga har gått i ?rykk og napp?. Den fyrste sterke stigninga gjekk føre seg frå midten av 1920-talet til midten av 1930-talet. Deretter var det stillstand føre den siste store auken kom frå 1980 og fram til i dag. Kalde periodar var det rundt 1920 og også på slutten av 1830-talet som truleg er den aller kaldaste i målehistoria for Bergen.

Under kan du sjå på grafar for sesongar og månader 

Temperaturauke og trendar

Sidan 1860: auke 1,3 gradar, trend = 0,09 gradar per tiår
Siste 100 år: auke 1,0 gradar, trend = 0,10 gradar per tiår
Siste 50 år: auke 0,9 gradar, trend = 0,18 gradar per tiår

Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering